– Personleg har eg slite litt med løypa. Den er ganske krevjande, med is rundt railene og det luggar fordi det er så tørt. Optimalt er det ikkje, men det fungerer, seier Markus Kleveland til NRK.
Torsdag kom det første fallet i OL-løypa. Japanske Rina Yoshika krasja stygt etter eit hopp i slopestyle-traseen og måtte bli frakta vekk i ambulanse.
Allereie før fallet hadde fleire av dei amerikanske snøbrettutøvarane nemnt at dei var redde for forholda i OL-løypa.
Vond løype
Ein av USAs største snøbrettstjerner, Jamie Anderson, gjekk så langt og sa at ho tykte løypa var skummel etter første treningsdag. Kunstsnøen er ein årsak til det.
– Det kjennest som skotsikker is. Det er ikkje heilt ideelt og eg vil definitivt ikkje falle, men eg vil seie at det er betre enn forventa, sa Jamie Anderson på ein pressekonferanse.
Kunstsnø er veldig fast og gir lite tilbake, i motsetning til naturleg snø, som i større grad kan gi litt demping.
Ho synest løypa rett og slett var vanskeleg å takle.
– Dei olympiske leikane går alltid fullt ut. Alt er gigantisk og skremmande, men visuelt ser det fantastisk ut, som eit videospel, seier ho og held fram:
– Det er ganske kjipt, for det er litt utfordrande å finne ut av løpet og korleis ein skal takle snøforholda. Det får meg til å kjenne meg litt meir redd, men eg trur det kjem til å bli meir oppkøyrt og at ein køyrer betre etter kvart, seier Anderson.
Lagvenninne Hailey Langland stiller seg bak snøbrettveteranen.
– Løypa er ikkje dårleg, men eg vil berre ikkje falle i den, seier Langland.
Sandbech erkjenner at han er spent på korleis han vil takle løypa.
– Vi liker jo spennande løyper, men nokon ting «liner» ikkje opp like bra som ein hadde håpa. Så den planen ein hadde på førehand må kanskje endrast. Spesielt førstehoppet er eit hopp ein ikkje er så vant til. Noko som er kult, at vi får ei utfordring, men det krev kanskje litt meir å finne ut av, seier han.
Toler ikkje kulde
Marcus Kleveland uttalte under OL i Pyeongchang i 2018 at han ikkje tolte kulda.
Det er ikkje varmare i Zhangjiakou i Kina, som ber preg av svært tørr og iskald luft. Temperaturane smyg seg nedover på gradstokken, og kan fort komme ned i 20 minus.
– Eg køyrer ikkje bra når det er kaldt, og det er bikkjekaldt her. Heldigvis har eg fått ein varmevest som går på batteri, og han varmar overkroppen ganske bra, seier Kleveland.
Han er spent på om han klarer å hamle opp med kanadiske Mark McMorris, som var den største konkurrenten i X Games for to veker sidan, då Kleveland tok to gull og eitt sølv.
– Eg veit ikkje om eg klarer å halde følgje. Det tek lengre tid å få kroppen varm, og ein har lyst å kjenne seg god og mjuk når ein køyrer. Eg slit generelt gjennom heile dagen. Kne og alt er meir seigt når det er kaldt vêr, seier Kleveland vidare.
Lagkamerat Ståle Sandbech er samd i at kulda ikkje gjer det så triveleg.
– Det verste er at det er kjempekaldt. Ein må kle seg som ein «marshmallow», og beinet kjennest ut som det skal frysast til is. Men vi kjem oss igjennom og vi har ein dag til å trene på. Kanskje vêrgudane gir oss nokre fleire varmegrader her, men eg har ikkje sjekka vêrmeldinga, så det veit eg ikkje, seier Sandbech.
Spent på utfallet
Fleire av dei amerikanske herreløparane brukte óg mykje tid på å tenke etter å ha testa løypa. Fleire måtte gjere endringar på programmet, og priser seg lykkeleg for fleire treningsdagar før konkurransen set i gong.
– Det var ganske rart å bli vant til, og det er veldig kalde temperaturar. Eg måtte gjere nokre endringar undervegs, seier Red Gerard, som ganske overraskande tok OL-gull i Pyeongchang som 17-åring.
Anderson finn trøyst i at OL-løypa er ny for alle.
– Det kule med OL er at alle stiller med same kort. Det er eit heilt nytt fjell og eit heilt nytt set up. Det er ei god utfordring. Vi har ei ganske sprø veke framfor oss, avsluttar ho.