Fourcade: – Dårleg å skulde på taktikk-bom

OSLO/HOLMENKOLLEN (NRK): Johannes Thingnes Bø antyda taktikk-bom etter fjerdeplassen på VM-sprinten. – Dårleg unnskyldning, kontrar gullvinnar Martin Fourcade.

Fourcade

TOK GULL MED LÅGT STARTNUMMER: Franske Martin Fourcade.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– Eg opna hardt, men det blei tyngre utover i løpet. Dette er veldig ergeleg, seier Thingnes Bø (22) om fjerdeplassen.

Under fjorårets VM i Kontiolahti tok han gull på sprinten. I år stod ein sur bom på standplass og tunge forhold i løypa i vegen for ny sprint-medalje for stryningen.

Trudde på speilblanke spor - fekk tunge forhold

På sisterunden blei det blytungt for 22-åringen, som starta seint fordi han trudde det skulle bli hardare i løypa mot slutten av rennet.

I staden skjedde det motsette. VM-vinnar Martin Fourcade med startnummer åtte gjekk eit kjempelangrenn under gode forhold på sisterunden.

For Thingnes Bø med startnummer 58 gjekk det trått.

I målområdet blei han liggande i fleire minutt på magen, før han reiste seg opp og tok vegen til intervjusona.

– Vi tenkte at det var risikabelt å starte først sidan det kunne vere snø i lufta. Planen var også at det skulle bli speilblanke spor. Det blei det heller ikkje. I staden blei det våt snø.

– Det er vanskeleg å seie om det var ein feilvurdering, men det kan sjå sånn ut. Det blei nok motsett av det vi håpa på, seier Thingnes Bø.

Thingnes Bø

SKUFFA: Johannes Thingnes Bø tok VM-gull i sprint i fjor. På heimebane blei det fjerdeplass.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Fourcade: – Forholda hadde liten betydning

Frankrike og Russland var dei einaste store nasjonane som starta tidleg, men gullvinnar Martin Fourcade trur ikkje forholda hadde noko å seie for konkurransen.

– Vi trudde løypa skulle bli verre og verre. Alle andre nasjonar trudde det skulle bli beder mot slutten. Eg trur forholda var stabile heile vegen, seier Fourcade.

– Johannes Thingnes Bø meinte det var tyngre å gå mot slutten...

– Det gjør meg litt skuffa at ein kjem med slike unnskyldningar for at det ikkje går bra. Det er gjør deg ikkje til ein bedre skiskyttar, seier Fourcade.

VM skiskyting

SKJEBNESKOTET: Medaljen glapp for Johannes Thingnes Bø. På siste skyting blei han for hissig på avtrekkaren.

Aa Djupvik: – Likt for alle

Skiskyttarsjef Morten Aa Djupvik trur heller ikkje forholda var så mykje dårlegare for Fourcade med startnummer åtte enn for Thingnes Bø med startnummer 58.

– Eg snakka med Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen. Dei meiner at skia var gode sjølv om dei avslutta seint. I tillegg går Ole Einar Bjørndalen bra og tar sølv med høgt startnummer, seier Aa Djupvik.

– Så du føler ikkje at det var eit feil å gå ut seint...

– Eg trur forholda var veldig like i dag, seier han.

Bø om bommen: – Skotet gjekk av før eg sikta

For Thingnes Bø blei nok ståande-skyteserien mest skjebnesvanger. Stryningen fortel at han blei for «trigger-happy» då han bomma ein gang på siste ståande.

– Eg prøver å vere offensiv og vere hard på avtrekkaren. Av og til blir eg litt for hissig og då går skotet litt for tidleg. Då ryk medaljen der, seier Thingnes Bø.

– Du traff kanten då du bomma...

– Skotet gjekk av før eg sikta. Det var veldig, veldig kjipt fordi eg i utgangspunktet hadde stålkontroll på situasjonen, seier stryningen.

VM skiskyting

TOK SØLV MED SEINT STARTNUMMER: Ole Einar Bjørnda.en sikra Norges einaste medalje på herresprinten.

Laster innhold, vennligst vent..

NRK anbefaler

Siste nytt

  • Avis: – Russland blir utestengt

    Daily Mail hevder Den internasjonale olympiske komité (IOC) ender opp med å nekte Russland deltakelse i Rio-OL.

    Det blir utfallet etter søndagens konferansemøte i IOC, om vi skal tro den britiske storavisen.

    I så fall blir hele den russiske OL-troppen på 387 deltakere utestengt fra lekene i Brasil. Åpningsseremonien er 5. august.

    IOC er under stort press. Ropene om å utestenge Russland er massive etter at en rapport nylig bekreftet alvorlige påstander om et statlig styrt dopingprogram i russisk idrett.

    Ifølge Daily Mail er det aktuelt å nekte russerne plass også i vinter-OL i sørkoreanske Pyeongchang i 2018.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 15.etappe og eliteserien fotball Start - Vålerenga
Samsending: Tour de France og eliteserien
Tour de France
Tour de France
Tour de France
Tour de France
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 17. runden av eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten