Nok ein gong har rasisme skapt overskrifter i fotballen.
Moussa Marega fekk langt frå noko gledeleg gjensyn med sin tidlegare klubb Vitória Guimaraes. Få minutt etter at han hadde tatt Porto opp i leiinga fekk landslagsspelaren frå Mali nok.
Både medspelarar og motspelarar prøvde å overtale Marega til å halde fram kampen, men han gjekk bestemt mot spelartunnelen og gav tommelen ned til publikum.
I ettertid omtalte han også episoden på sin eigen Instagram-profil.
– Eg vil berre sei til dei idiotane som kjem på stadion for å rope rasistiske kommentarar ... Faen ta dere. Eg vil også takke dommaren for at dere ikkje forsvarar meg og for å gi meg gult kort for at eg forsvarar hudfargen min. Eg håpar eg aldri ser deg på ei fotballbane igjen. DU ER EIN SKAM! skriv Marega på Instagram.
Det skapte også reaksjonar at både med- og motspelarane forsøkte å halde han att på bana.
«I staden for å prøve og stoppe Marega skulle dei gått av bana saman med han», skriv mellom anna journalist Sid Lowe i The Guardian.
Får støtte
Dagen etter oppgjeret får Marega massiv støtte i sosiale medium både frå klubbar og spelarar. Mellom anna har klubben til Erling Braut Haaland, Borussia Dortmund, lagt ut støtteerklæring på sin twitter-konto.
«Vi støttar og står ved Porto's Moussa Marega som vart utsett for rasisme i dag. Igjen og igjen. Nok er nok.», skriv klubben.
Støtte får han også frå brasilianske Vasco da Gama. Fleire enkelspelarar har også synt sin sympati til Marega. Felipe (Flamengo), Éder Militão (Real Madrid), Mangala (Valencia) og Gonçalo Paciência (Eintracht Frankfurt).
I tillegg har Porto-sjef Sérgio Conceição og lagkamerat Iker Casillas tatt til motmæle.
«Vi er ein familie», skrev Porto på Twitter etter kampen. Så takkar klubben for all støtte.
– Porto registrerer og verdset meldingane frå alle som er aktive i kampen mot rasisme, skriv Porto.
Framleis eit stort problem
Det er ikkje første gong rasismen har prega fotballen. Manchester United sin Paul Pogba vart utsett for rasistisk hets etter at han bomma på ei straffe mot Wolverhampton i august i fjor. Liverpool sin Mohamed Salah og Manchester Citys Raheem Sterling har også blitt trakassert for hudfargen sin.
Inter-spiss Romelu Lukake har også fått kjenne rasisme på kroppen. Like før han sette inn den avgjerande straffa i kampen mot Cagliari i september kom publikum med apelydar.
Det er berre ein av fleire rasismesaker i italiensk fotball.
I oktober vart landskampen mellom Bulgaria og England stoppa to gonger etter rasistiske tilrop frå publikum.