NRK Meny
Normal

Zlatan-scoring etter City-blemme

Paris Saint Germain snudde kvartfinalen mot Manchester City etter ein sjokk-blunder frå Fernando. Men det er City som er i førarsetet før returen i England.

Zlatan

Zlatan Ibrahimovic på veg tilbake til midtstreken etter å ha utnytta kjempemissen til Citys Fernando.

Foto: John Sibley / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

I deira første kvartfinale nokonsinne gjekk Manchester City i strupen på Paris Saint Germain rett frå avspark.

For allereie etter berre 12 sekund hamna midtstoppar David Luiz i boka til dommar Milorad Mažic. Det er ny rekord i meisterligaen.

Sergio Aguero blei halden igjen på veg gjennom forsvaret og dermed må brasilianaren stå over returkampen neste tirsdag.

Zlatan-miss og scoring

Belgiske Kevin de Bruyne var spesielt frisk for City dei første minutta, men det var franskmennene som burde tatt leiinga på Parc des Princes.

Etter 12 minutt var City-back Sagna alt for ein seint inne i David Luiz. Dommaren peika bestemt på straffemerket.

Men keeper Joe Hart vann dullen mot Zlatan Ibrahimovic frå elleve meter. Den engelske landslagskeeperen gjekk tidleg på skotet frå svensken, som verken var hardt nok eller godt nok plassert nede mot Harts høgre hjørnet.

– Straffemissen kjennes ikkje bra, men man må berre halde fram. Eg forsøkte, men ballen gjekk ikkje inn, det er slik som hender iblant, seier svensken til Viasat.

Ti minutt seinare hadde Zlatan sjansen til å gjere opp for straffemissen. 34-åringen fekk god tid aleine med Joe Hart, men avslutninga strauk over tverrliggaren til City.

(Saka held fram under bildet.)

Kevin de Bruyne

Kevin de Bruyne jublar etter å ha gjeve Manchester City leinga i Meisterligaen.

Foto: John Sibley / Reuters

Men det var livlige Kevin de Bruyne som skulle gje City leiinga etter 37 minutt. Etter ein glimrande overgang etter ein feil av PSG banka vidunderbarnet frå Belgia ballen bak keeper Kevin Trapp.

Men like etter blei lei fotballverda vitne til ein kjempemiss av City-forsvarar Fernando.

Joe Hart spelte ballen ut til brasilianaren frå fem-metersmerket. Men midtstopparen vendte ballen rett i beina på Zlatan som sendte kula vidare inn i det tomme City-buret.

Fordel City før returen

Like etter pause fekk også midtbanespelar Matuidi det gule kortet og dermed må også han stå over returoppgjret neste tysdag.

Men det stoppa ikkje Paris frå å ta over kampen totalt. Etter ein svak første omgang vakna Zlatan Ibrahimovoc.

Kvarteret ut i omgangen kom målet. Joe Hart fekk slått headinga unna, men kun til Adrien Rabiot på bakre stolpe som satte inn 2-1 til heimelaget.

Men dette var derimot kvelden det var duka for labert og svakt forsvarspel. Og etter 72 minutt kom Citys utlikning.

Ballen hamna til slutt i beina på Fernandinho som enkelt kunne sette ein ferdigscora ball inn i nettmaskene.

Og med to bortemål har Manchester City eit knallgodt utgangspunkt før returoppgjeret i Manchester neste tysdag.

– Vi var uorganiserte og tapte for mange ballar, som vi ikke brukar å gjere. Men no gjer vi alt for å gå vidare. Men då må vi spele betre enn vi gjorde i dag, seier Zlatan Ibrahimovic til Viasat.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.