– Det må vere nokre millionar det?, svarer Marcus Pedersen når NRK spør kor mykje pengar han trur NFF får om Noreg kvalifiserer seg til VM i Brasil.
«Nokre millionar» er ei lett underdriving, i beste fall. Noregs Fotballforbund kan, etter det NRK får opplyst, bli 150 millionar kroner rikare om herrelandslaget karrar seg til VM.
– Totalt sett pratar vi om eit tresifra beløp, slår kommunikasjonsdirektør i NFF, Svein Graff, fast.
FIFA spanderer 50 millionar og sponsorbonusar og nye avtalar genererer rundt 50 millionar. I tillegg kjem alt av sal og publikumsinntekter, anslagsvis 50 friske millionar.
– Skal ikkje drøyme oss vekk
Vegen til VM er derimot lang – veldig lang. Etter seks av 10 kampar ligg Noreg på fjerdeplass i gruppa med åtte poeng. Sveits er i klar føring med 14 poeng, følgt av Albania med 10 poeng og Island med ni.
Noreg må truleg slå både Kypros, Sveits, Island og Slovenia for å realisere VM-draumen.
– Eg trur ikkje vi skal drøyme oss vekk til Copacabana akkurat her i dag, seier ein sober kaptein Brede Hangeland.
– Men kjem de dit blir det nokre millionar til paraplydrinkar
– Ja, det spørst om Siem og Co vil bruke pengane på det, flirer Hangeland.
Generalsekretæren sjølv er klar på at spanderbuksene blir dregne på om VM-plassen faktisk blir sikra. Likevel: Størsteparten av pengane skal køyrast inn i idretten.
– Då går det inn, og blir pløgd inn i utviklinga av idretten vår, slår Siem fast.