Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
I Tyskland minnast vi i fjor at Bayer Leverkusen som, nokre månader etter at dei tapte meisterliga–finalen, måtte kjempe for å overleve i den tyske Bundesliga. No leiar dei forresten den same ligaen.
I Noreg er det Lyn som no er "altfor gode til å rykke ned". Etter ein god sesong i fjor, som blei lønna med europacup- spel, kan det no sjå ut som at klubben må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon.
Symptomar
Dei har symptomane. Spelarar med altfor stort sjølvbilete. Spelarar som ikkje er vane med å kjempe mot nedrykk. Når ein så miksar dette med konfliktar, ei heimebane som ikkje har "trøkk" nok, og mangel på tilhengarar som kan piske fram laget, er eg redd for at dette kan bli ein tung haust for Lyn–laget.
Dei heldt lenge stand på Lerkendal og spela til tider oppløftande. Neste runde er heime mot Molde. Eit anna lag som er for gode til å rykke ned. Gode individuelle spelarar, flott stadion og Kjell Inge Røkke i ryggen gjer at få trur at moldensarane må ta turen til Høddvoll neste år. Men pass opp Odd Berg & Co, for tida er de også eit botnlag.
Aalesund–trener Ivar Morten Nordmark er som alltid kald når det gjeld sitt lag sin sjanse. Men dei er ikkje for gode til å gå ned. Og dei er heller ikkje for dårlege til å behalde plassen.
Dårleg generalprøve
Rosenborg hadde ein heller laber dag på jobben mot Lyn. Og kampen mot Deportivo blir ei massiv utfordring for laget. Eg er ein ærleg gut frå landet som må innrømme at han er ein dårleg tippar. Men likvel: RBK – Deportivo 2–0 på onsdag.