Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Media og ekspertar tek til seg alt, og den eine har meir "innside" enn den andre. Typisk Lyn, seier vi alle og ler litt av klubben.
Men klubben vi ristar på hovudet av, ligg faktisk berre fire poeng etter leiarlaget Tromsø. Dei har saman med Vålerenga sleppt inn færrast mål i Tippeligaen. Dette er fakta.
Er dei heldige? Når Årst bommar på straffe like før veteranen Ole Bjørn Sundgot avgjer, kan vi kalle det flaks. Men vi kan også kalle det dugleik. Eg gjer det no.
Spelarmaterialet skal vere gode nok til medalje, sjølv om eg er i mot delt leiarskap. For meg finst det ikkje gode trenarar eller dårlege trenarar, berre trenarar som vinn eller tapar.
Det er laget i grønt og kvitt
Ikkje berre eg var glad då Kamma rykka opp att etter fleire år ute i mørkret. Men at dei skulle ligge eitt poeng bak teten etter åtte rundar er ein sensasjon.
Ståle Solbakken har gjort ein kjempejobb, og sindige hedmarkingar er i ferd med å gå totalt av hengslene. Mykje folk på tribunen, hamstring av Ham-Kam-trøyer. Kamma er blitt eit kult-lag i toppfotballen.
Jada, dei var heldige i Stavanger. Men det står ikkje heldig på tabellen. Der står det at Kamma har fire sigrar og berre eitt tap.
Fakta øydelegg ein kvar diskusjon.
Velkomen Roy!
Eg har hatt mine meiningar om norske trenarar. Trenarar som ser like ut, pratar likt og meinar det same.
Vel, no får vi ein utlending. Om han er så usamd i den vedtekne norske stilen, gjenstår å sjå. Men vi får andre tankar, og ikkje minst annan bakgrunn.
Han har meir erfaring enn alle dei andre trenarane til saman.
Eg gler meg.