Si din mening til Jan Åge Fjørtoft

Ole Martin Årst jubler ettter seiren over Vålerenga. (Foto: Tor Richardsen / SCANPIX)
I kampen mot Belgia i august berre nokre få veker før Italia–kampen, har han mulegheit til å sjekke temperaturen på spelarane.
I den kampen bør Ole Martin Årst vere sjølvskreven i troppen. Tromsø- spissen ser, på godt norsk, bra ut om dagen.
Kvar gong han får ballen inne i feltet luktar det skåring eller målsjanse.
For meg er det ingen overrasking dersom Årst er jokeren mot Italia.
Liten interesse i Oslo og omegn
Hadde Lyn og Stabæk spilt i USA, er det muleg at de ville ha blitt teken frå franchisingen.
Litt over 4000 tilskodarar på Ullevål – et par hundre færre på Nadderud.
I USA betyr dette at dei kunne mista lisensen på grunn av manglande interesse og engasjement.
Ålesund spelar kamp mot Vard- Haugesund i 1. divisjon, og over 5000 tar vegen opp til Kråmyra.
Case closed, som det heiter på nynorsk.
Vikingane kjem
12 Viking–spelarar er utan kontrakt etter sesongen. Den erfarne trenaren Roy Hodgson er på veg inn. Trur dokke at dei spelararne vil vere konsentrert framover?
Usikkerheit for spelararane kan faktisk vere positivt for Viking.
Dei spelar for framtida si og ingen skal vere i tvil om at mister Hodgson ikkje vil ta gislar i sin iver på å få Viking-laget til topps.