Hopp til innhold

Tettey nasa

Alexander Tettey går på pencillin og sto over Rosenborg-treninga torsdag.

Alexander Tettey
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Alexander har trøbbel med hals og luftvegar og står difor over i dag, fortel fysioterapeut Sigbjørn Hammer i Rosenborg til Adresseavisen.

Tettey går no på pencillin for å betre helsa. Hammer seier spelaren kan vere frisk nok til å møte Stabæk laurdag.

- Normalt sett skal han bli bra til helga, men det kjem an på korleis kroppen reagerar på medisinen. Alexander starta på kuren i går. Målet er at han skal vere klar til kampen laurdag, avsluttar fysioterapeuten.

Fotball