Hopp til innhold

- Deilig å vere norgesmeister

Strømsgodset tok sitt femte cupmesterskap med 2-0 over "askeladden" Follo.

Gulljubel etter cupfinalen

Enorm jubel for Godsets første cupmesterskap på 19 år

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

- Det er fortent. Strømsgodset var klart mest effektive. Men Follo dumma seg på ingen måte ut, dei har levert ein fantastisk prestasjon, seier NRKs kommentator Karl-Petter Løken.

Storfavoritt Strømsgodet brukte ein halv omgang på å kome i gang, men deretter kontrollerte Godset cupfinalen mot Follo totalt.

Video: Strømsgodsets scoringar:

Video Se målene til Strømsgodset i Cupfinalen

- Deilig, sa Deila

- Det er deilig å vere norgesmeister, seier Strømsgodset trenar Ronny Deila.

- Vi hadde god kontroll, men eg er skuffa over kampen. Vi presterte ikkje godt nok.

- Men på ein dag som i dag så drit eg i det, seier Deila, som skal ta klubben ut i Europa neste år.

- Vi blei for upresise. Vi fekk ikkje ut det vi skulle. Vi burde vore betre på eige spel. Strømsgodset er verdig vinnar, sa Follos trenar Hans Erik Eriksen og gratulerte laget frå Drammen.

Effektive Godset

Ola Kamara sette inn 1-0 etter ein halv time, og Glenn Andersen dobla leiinga like før pause,

- Ingen stor fotballkamp, men det har vore nokså jamnt spelemessig. Men det er ingen tvil om at det er Strømsgodset som har hatt dei fleste og beste sjansane, oppsummerte Løken.

Follo opna best, og allereie etter seks minutt sette Alban Shipshani eit hjørnespark direkte i stolpen.

Så overtok Strømsgodset.

Follos supportere kledd i rosa.

Stor Follo-stemning før kampen

Foto: Idar Krogstad / NRK

Kamaras scoring kom etter eit fint oppbygt angrep. Backen Joel Riddez la inn i feltet, og Kamara heada inn frå kort hald.

2-0 kom etter corner, og Andersen stanga den hardt i mål rett før pause.

Follo vart aldri utspelt, men dei klarte heller ikkje å ta tilbake initiativet etter at Strømsgodset hadde tatt leiinga.

Andersen bestemann

Juryen valde Strømsgodsets midtstoppar Glenn Andersen som dagens bestemann.

- Eit greit val, men kven som helst av dei to midtstopparane til Godset (Alexander Aas var den andre) kunne fått prisen, sa Løken.

Dermed kunne laget frå Drammen cruise inn til sin femte NM-tittel, og den første sidan 1991.

Fotball