Hopp til innhold

Start vidare i cupen: – Dette var solid av oss

START – VARD HAUGESUND 4–0 (2-0): Cupavansementet var aldri truga for Start då 2. divisjonsklubben Vard Haugesund kom på besøk.

Matthias Vilhjalmsson, Start

Matthias Vilhjalmsson scora eitt av måla for Start mot Vard Haugesund.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette var kontrollert og solid. Vi scorar fire mål og kunne hatt fleire. Vi slepp Vard lite til og vi viser at det er to divisjonar mellom oss, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til NRK.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde var nøgd med innsatsen mot Vard.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det tok berre fire minutt før Start-laget gjekk opp i leiinga. Eit passivt Vard-forsvar klarte aldri å klarere då Start-sine angriparar sette på turboen.

Matthias Vilhjalmsson var spelt gjennom og plasserte ballen mellom beina til Vard-keeper Helge Valvatne Sandvik og det stod 1–0.

– Vi trengde ei positiv oppleving etter ein tung periode. Vi sleppte Vard, kanskje overraskande, lite til. Eg er veldig nøgd med jobben i gjer, seier Mjelde.

Einsleg Sumareh

Rogalendingane kom inn i kampen etter kalddusjen, men sleit stort med å skape sjansar. 2. divisjonsklubben låg djupt i bana og spissen Bubacarr Sumareh vart stort sett liggjande aleine på topp.

Det næraste Vard kom i første omgang var to frispark i farleg posisjon. Det eine gjekk himmelhøgt over, medan det andre gjekk rett i muren.

I staden var det eliteserieklubben frå Sørlandet som skulle få utteljing. Bismark Acosta, som var flytta opp på midtbane i cupoppgjeret, bana seg veg gjennom heile Vard-forsvaret og sette ballen mellom beina på Vard-keeperen.

Vard-spelarane samla seg kring dommar Kristoffer Helgerud og viste tydleg misnøye med at han ikkje dømde frispark i forkant av målet.

– Det var eit kjempefrispark. Start er eit betre lag enn oss, så dei treng ikkje hjelp frå dommaren på denne måten, seier Vard-trenar Flemming Christiansen.

53 minutt utan ein sjanse

Det skulle ta heile 53 minutt før Vard Haugesund fekk sin første store sjanse. Jørn Rikard Hansen Lilleeng vart spelt fri til venstre inne i 16-meteren der han kom heilt aleine med Start-keeper Terje Reinertsen. Keeperen var med på notane og fekk slått ballen vekk.

12 minutt før slutt punkterte Alejandro Castro kampen då han sende gultrøyene opp til 3–0.

10 minutt seinare scora Matthias Vilhjalmsson sitt andre for dagen og fastsette sluttresultatet til 4–0.

Vard-trenar Flemming Christiansen var likevel brukbart nøgd med førestillinga mot eliteserieklubben.

– Nokre av spelarane mine stod bra fram. Start er eit betre lag med betre fysikk og større hurtigheit. Fram til 2–0 er vi fint med og det er gledeleg. Det tek eg med meg, seier Christiansen.

994 tilskodarar såg kampen på Sparebanken Sør Arena.

Start er dermed klar for cupens 4. runde. Start har slått Høllen og Jerv i dei to andre cupkampane laget har spelt.

NRK.no kjem tilbake med reaksjonar frå kampen.

Fotball