Hopp til innhold

– Cassano og Balotelli kan vere redninga for italienarane

Dei fleste trur på Spania-siger når laget møter kriseråka Italia i Gdansk i kveld. Men vil fråveret av David Villa gjere at italienarane kan overraske?

Cassano og Balotelli

Ein sterkt innsats av spissane Mario Balotelli og Antonio Cassano kan vere det einaste håpet Italia har mot Spania i kveld.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

I kveld klokka 18 brakar det laus med eit europeisk storoppgjer av dimensjonar i Gdansk. Spania og Italia skal igjen i elden, etter eit nervepirrande semifinalemøte i 2008 då Italia rauk på straffekonken.

Italia har dei siste tiåra vore kjend for eit svært stjernespekka lag. Men etter den elendige innsatsen under VM i Sør-Afrika i 2010 har fleire og fleire stjerner falle frå. Tre tap på rad under treningskampane før meisterskapen, og ein nasjonal kampfiksingskandale har lagt ein dempar på optimismen.

Dette har ført til at laget av mange vert rekna som ein outsider til årets meisterskap, og det er delte meiningar blant ekspertane om dei vil klare å avansere frå gruppespelet.

SOCCER-EURO/ Italy's soccer players attend a training session for the Euro 2012 at PGE Arena Stadium in Gdansk

Italia med siste innspurt på treninga før kveldens kamp.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Men Italia har klart å hevda seg før i kjølvatnet av store kriser, blant anna då dei vann fotball-VM i 2006, så det er framleis dei som trur at Italia kan overraske stort.

Redninga kan vere dei to spissane Mario Balotelli og Antonio Cassano, som kan ha eit overtak på angrepet på Spania.

– Eit utruleg spennande angrep

– Dersom dei startar med Cassano og Balotelli på topp så er det eit utruleg spennande angrep. Spania har eit knallgodt lag, men mange av dei har verka slitne dei siste månadene.

Rune Solenes Opstad

Rune Solenes Opstad er Italia-ekspert og er forsiktig optimist på Italias vegne.

Det seier bloggar og ekspert på italiensk fotball, Rune Solenes Opstad til NRK.no, som er ein avmålt optimist på Italia sine vegner.

Men Balotelli og Cassano er kanskje ikkje dei spelarane det går an å stole mest på. Urokråka Balotelli har skapt mange overskrifter i avisene, blant anna har han drapstruga mot dei som kjem med rasistiske utfall i meisterskapen. Cassano har hatt sitt å stri med, då han var i fare for å miste EM grunna hjerteoperasjonen han hadde i samband med eit slag.

Likevel er desse spelarane Italia sitt største håp. Opstad vedgår at laget slit elles.

– Det er klart at Italia slit med spelarar i forsvaret. Og dei gjekk jo på ein smell under generalprøva mot Russland. Men samtidig har dei spelarar i midtbanen og eit angrep som kan hevde seg. Dersom tryggleiken er på plass er det eit lag som er godt rusta til å møte Spania.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Opstad spår at Italia vil kome på ein andreplass i gruppespelet, og dermed vere med i den vidare kampen.

– Italia er eit av 7–8 land som kan gå heilt til topps. Det blir ein utruleg spennande start. Italia møter eit glimrande fotballag, så eg er ein forsiktig optimist.

Spania likevel storfavoritt

Fernando Torres

Fernando Torres har hatt ein dalande form dei siste åra, men kan han overraske i EM?

Foto: MIRO KUZMANOVIC / Reuters

Spania klarte å sanke EM-gullet for fire år sidan, då med Fernando Torres i spissen. Men lysluggen frå Madrid har ikkje klart å halde same nivået oppe, og det er ikkje eingong sikkert at han vil kome på banen i dagens kamp mot Italia.

Likevel er det ingen som tvilar på at Spania stiller med eit av dei aller beste laga i meisterskapen, med ein så god stall at toppspelarar som Juan Mata på Chelsea kan måtte ta til takke med benken i kveld.

Ein av dei som er overbevist om Spania-siger er Petter Veland som kommenterer i Canal Plus.

– Eg trur Spania vinn både denne kampen og gruppa si, og at dei kjem til å ha rimeleg få problem på vegen, seier han til NRK.no.

Det at David Villa ikkje er med vedgår Veland er eit stort tap for Spania, men med det høge nivået elles på laget trur han Spania vil ha få problem.

– Det er ein stor smell for Spania at Villa ikkje er med. Det er det største usikre momentet laget har. Når ein fjernar dei måla som han har skåra for det spanske laget ser me kor viktig han har vore. Sjølv om Spania har den beste 23-mannstroppen, så er ikkje Villa ein spelar dei kan erstatte.

Dei som er aktuelle for å steppe inn for Villa er Fernando Torres, David Silva eller Fernando Llorente. Veland trur spanjolane landar på Torres i opningskanten, trass i ein svært dårleg sesong.

Spania - Italia 2008

Spania klarte så vidt å slå ut Italia i EM i 2008, då dei vann på straffekonk. Sannsynlegvis vert det lettare i år.

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

Håpar for comeback for Torres

– Det finst enkelte der ute som har eit håp om at dette meisterskapen kan få Torres tilbake i form. Eg er ein av dei. Eg trur Silva speler som kantspelar og Torres blir på topp.

Men på eit område må Veland vedgå at italienarane stiller sterkast. Med premier league-spelaren Mario Balotellig og Antonio Cassano frå Milan som aktuelle spissar, kan det bli farleg.

– Ser ein på enkeltspelarar så har nok Italia-spissane eit høgare toppnivå enn Torres. Men problemet er at dei må gjere meir på eiga hand. Dei får sannsynlegvis ikkje like mange målsjansar som Spania.

Kva er din spådom for oppgjeret mellom Italia og Spania? Kommenter under!

Fotball

  • Djurgården klager på lang Tokmac-utestengelse

    Tokmac Nguen er ilagt fire kampers karantene etter Allsvenskan-dramaet mot Malmö. Nå påklager Djurgården den lange karantenen.

    Det er Aftonbladet som tirsdag skriver om den siste utviklingen i saken mot den norske spilleren.

    Nguen ble utvist etter en duell med Malmös Derek Cornelius i den aktuelle ligakampen i forrige uke. I sekundene som fulgte, skallet han til Pontus Janssons brystkasse.

    (NTB)

    Tokmac Nguen
    Foto: Magnus Lejhall / TT / NTB
  • Lewandowski-hat trick reddet Barcelona

    Barcelona var i trøbbel hjemme mot Valencia, men så slo Robert Lewandowski til og snudde 1-2 til 4-2.

    Polakkens måltrippel kom etter pause mot et Valencia-lag som spilte hele 2.-omgangen med ti mann.

    På to cornere stanget Lewandowski inn 2-2 og 3-2. Han toppet det hele med en utsøkt frisparkscoring på overtid.

    Hat tricket sendte spissveteranen opp i 16 mål i La Liga. Det er tre bak toppscorer Artem Dovbyk (Girona), mens Alexander Sørloth (Villarreal) og Jude Bellingham (Real Madrid) har 17.

    Fermin Lopez scoret kampens første, før Hugo Duro og Pepelu snudde for gjestene. Så ble Valencia-keeper Giorgi Mamardashvili utvist da han stoppet ballen med hendene utenfor boksen.

    Mot ti spillere fikk Lewandowski finere arbeidsforhold og snudde kampen.

    Med fem kamper igjen har Barcelona grepet om 2.-plassen. Laget er to poeng foran Catalonia-naboen Girona. Det skiller elleve poeng opp til Real Madrid på tabelltoppen. (NTB)

    Robert Lewandowski i 4-2-seieren mot Valencia
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Vardy-dobbel ga Leicester-gull

    Jamie Vardy (37) dunket inn de to første målene da Leicester slo Preston 3-0 og ble seriemester på nivå to i engelsk fotball.

    Tittelen var i boks få dager etter at klubben rykket opp til toppdivisjonen uten å spille selv.

    Med sine 97 poeng kan ingen ta igjen Leicester på tabelltoppen i mesterskapsserien. Ligamesterskapet kom åtte år etter at blåtrøyene sensasjonelt vant Premier League.

    Som i 2015/16-sesongen har Vardy hatt viktige bidrag på veien. Mandag tok 37-åringen seg opp i 18 seriemål.

    Bak Leicester er det fortsatt spenning om den siste direkte opprykksplassen. Både Leeds og Ipswich har 90 poeng, men sistnevnte har én kamp mindre spilt.

    Lagene som ender på tredje- til sjetteplass skal spille om den siste av de tre opprykksplassene. (NTB)

    Jamie Vardy jubler for scoring mot Preston North End
    Foto: Nick Potts / AP
  • Thorsby med praktfull heading i storseier

    I sin første kamp fra start siden januar, startet Morten Thorsby Genoa-festen med et mesterlig hodestøt i 3-0-seieren over Cagliari.

    Thorsby startet sist mot Lecce 28. januar. Siden hadde det blitt fem innhopp og seks kamper på benken for nordmannen, før han mandag var tilbake i startoppstillingen mot Cagliari.

    Da tok det bare et drøyt kvarter før han steg til værs i feltet og headet ballen kontant ned i hjørnet.

    Det var sesongens andre scoring for Thorsby. Den første kom mot Roma i september i fjor.

    Et par nordiske scoringer til sørget for storseieren. Danske Morten Frendrup doblet ledelsen, før islandske Albert Gudmundsson fastsatte resultatet til 3–0.

    Genoa har allerede sikret plassen i det som er deres første sesong etter opprykket til Serie A. For to år siden rykket klubben ned etter 15 sammenhengene sesonger på toppnivå i Italia.

    Med fire serierunder igjen ligger Genoa på 12.-plass med 42 poeng. Verre er det for Cagliari på 32 poeng, kun tre poeng over nedrykksstreken.

    Morten Thorsby etter scoring mot Cagliari i Serie A
    Foto: Tano Pecoraro / AP
  • BBC: Premier League vil innføre kostnadstak

    En forbruksgrense ligger an til å bli en realitet i Premier League. Forslaget fikk nok støtte blant klubbene på et toppmøte mandag.

    Det melder BBC. Vedtaket betyr at det for første gang skal settes tak på hvor mye PL-klubbene i framtiden kan bruke på overganger, lønninger og agenthonorarer.

    Detaljene er ventet å være på plass før årsmøtet i juni. Man må blant annet bli enige om størrelsen på kostnadstaket.

    Ifølge engelske medier har Premier League-flertallet stilt seg bak prinsippet om at ingen kan bruke mer enn et gitt antall ganger av det beløpet ligaens dårligste lag mottar i TV-penger.

    Formålet med begrensingen er å sikre at Englands øverste divisjon forblir konkurransedyktig. Mange frykter at ligaen vil bli dominert av én eller to superrike klubber om det ikke tas grep.

    Alle forslag på et aksjonærmøte i Premier League krever et klart flertall for å bli vedtatt. Minst 14 av 20 klubber må si ja.

    Fra før har Premier League innført en regel som begrenser klubbene til å bruke opptil 85 prosent av sine totale inntekter på lønninger og overganger. Ordningen gjelder fra 2025/26-sesongen. (NTB)

    Premier League - Manchester City v Chelsea
    Foto: LEE SMITH / Reuters
Erling Braut Haaland
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.