FC Barcelona

Sportsnyheter

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

TOKYO/OSLO (NRK): Sleggekaster Eivind Henriksens OL-sølv rørte mange. Én av dem var friidrettslegenden Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • USA - Australia i kvinnefinalen

    Det blir amerikanske Alix Klineman/April Ross og australske Mariafe Artacho del Solar/Taliqua Clancy som skal møtest i kvinnefinalen i sandvolleyball.

    I semifinalene i natt slo først USA Sveits med klare 21-12 og 21-11, før Australia vann ein langt jamnare kamp mot Latvia med 23-21 og 21-13.

    Alix Klineman og April Ross, USA
    Foto: John Sibley / Reuters
  • Betre for Daffinrud torsdag

    Tonje Daffinrud gjekk andre runde i golfturneringa på to slag over par, lang betre enn den vonde opningsrunden på pluss 10 onsdag.

    Torsdag opna ho med åtte hol på par i 36 graders varme på bana i Tokyo. Så følgde tre strake bogeyar, før tre nye på par.

    Så greidde ho birdie på hol 15 og 17, men fekk ein bogey igjen på det siste holet.

    Daffinrud er framleis sist i feltet med 12 over par. Kanadiske Nelly Korda har ei klar leiing, men ikkje alle er ferdige med runden enno.

    Tonje Daffinrud
    Foto: Yoshi Iwamoto / AFP
  • Diskos-oppmuntring for Roe

    Martin Roe er framleis nummer 20 i tikampen, men fekk ein opptur i diskos.

    Der kasta han 48,37 meter, og det heldt til fjerdeplass i øvinga.

    Tre øvingar gjenstår for tikjemparane: Stav, spyd og 1500 meter. Kanadiske Damian Warner har ei klar leiing etter sju øvingar.

    Martin Roe
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal