NRK Meny
Normal

Reformforslag: Maks 12 år for FIFA-presidenten

Maks 12 år for presidenten og tøffare gransking av fotballeiarane – det er blant tiltaka som skal reformere FIFA. Åttepunkts-planen vart lagt fram i dag.

Blatter

AVGRENSA TID: Sepp Blatter kan bli den siste som får vere FIFA-president i meir enn 12 år, dersom dei nye reglane blir vedtekne

Foto: RUBEN SPRICH / Reuters

Domenico Scala leier komiteen som skal foreslå reformer for den skandaliserte organisasjonen.

– Desse reformene er avgjerande for framtida til organisasjonen, sa Scala då han presenterte planen.

Han meiner at punktet om maksimalt 12 års funksjonstid for alle fotballtoppane internasjonalt og nasjonalt er det vikigaste av alle dei åtte punkta.

Sjå heile reformlista i faktaramma.

– Denne planen vil avgrense risikoen for politiske og andre bindingar som ofte kan oppstå ved altfor lang tid i sentrale posisjonar, sa Scala.

Maks 12 år som president

Domenico Scala

TØFF GRANSKING: - Desse reformene er avgjerande for FIFAs framtid, sa Domenoco Scola då han la fram reformforslaga i dag. Han vil mellom anna ha langt tøffare granskingar av FIFA-leiarane sine økonomiske og politiske bindingar

Foto: RUBEN SPRICH / Reuters

Dersom forslaga blir vedtekne av FIFA-kongressen, blir tre valperiodar – 12 år – maksimumstid for presidenten.

Scala vil også at tidsavgrensinga på 12 år skal gjelde generalsekretæren og alle i styret, og også leiarane i dei seks regionale føderasjonane.

I dag er det ingen slike avgrensingar verken i FIFA eller dei fleste nasjonale forbunda.

Dagens FIFA-president Sepp Blatter har hatt vervet sidan 1998, og vart i mai i år vald for ein femte periode. Det ville ha ført til at han skulle sitje til 2019 – i 21 år. Blatter forgjengar Joao Havelange sat som president i 24 år, frå 1974 til 1998.

Men etter alle korrupsjonsskandalene og skuldingane mot organisasjonen, som i mai kulminerte med politirassiaen mot hotellet der FIFA-kongressen heldt til, valde Blatter å trekkje seg. Hans etterfølgjar skal veljast på ein ekstraordinær kongress 26. februar. Der skal etter planen også reformforslaga vedtakast.

Bindingar skal offentleggjerast

Forslaget inneber også at alle toppleiarane i FIFA og føderasjonane skal gjennomgå ei grundig gransking, og alle deira bindingar og økonomiske interesser skal gjerast offentlege.

Visepresident Issa Haayatou har vore i styret sidan 1990, og spanske Angel Maria Villar sidan 1998. Også UEFA-president Michel Platini sprengjer den foreslåtte grensa med sine 14 år i styret.

Vidare skal styret i FIFA veljast av dei 209 landa som har røysterett i kongressen, ikkje av føderasjonane som no.

Forslaget er berre på første stadium på vegen mot å bli ein realitet. Det skal no sendast til eit arbeidsutval leia av det mangeårige IOC-medlemet Francois Carrard. Deretter skal FIFA-styret gå gjennom forslaget, og avgjere om det skal sendast vidare til avsluttande behandling på FIFA-kongressen i februar.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia