– Me vert redde når me leiar 2-0, og det kan eg ikkje heilt forstå, sa Erik Huseklepp etter at Brann spelte den tolvte strake bortekampen i Eliteserien utan siger.
Det er ikkje første gongen Brann har opna optimistisk, men sett bortespøkelset snika seg innpå.
- LES OGSÅ:
– Manglar leiartypar
NRK-ekspert Karl-Petter Løken meiner Brann manglar leiaren på bana. Han som viser veg når det buttar i mot. Løken meiner dette er særleg avgjerande på bortebane.
– På heimebane spelar ein på entusiasme, men på bortbane treng ein tydelege leiarar som tar ansvar, det manglar nok Brann, seier Løken.
– Tomrom etter Austin
Han meiner Brann har vorte eit dårlegare bortelag etter at Rodolph Austin forsvann til Leeds i fjor sommar. Brann har berre vunne 2 av 18 seriekampar på bortebane, etter at jamaicanaren reiste til England.
– Austin var jo den spelaren som alle trenarar ønskjer å ha med seg i krigen, seier NRK-eksperten.
(Artikkelen held fram under videoavspelaren)
– Vanskeleg å få auge på sjefen
– Det er vanskeleg å sjå kven som er leiaren når Brann spelar, seier Magnus Johanson, tidlegare midtbanesjef for raudtrøene om Brann-ekspert for NRK Hordaland.
Han nemner Martin Andresen, Svante Samuelson, Paul Scharner og Rodolph Austin som tidlegare Brann-spelarar som greidde å fylla den viktige leiarrolla for klubben.
– Eg synst jo at Stefan Badji starta sesongen bra, men han har forsvunne litt.
TV 2-Hoff: – Brann har gjort ein grei sesong
– Det er ingen som har svaret på kva som er gale i Brann.
Det seier TV 2 sin fotballekspert, Ivar Hoff.
Den tidlegare trenaren, som sjølv tok Brann til nedrykk i 1979, kjenner seg ikkje trygg på at situasjonen i Brann er så galen som enkelte vil ha det til.
– Eg synest dei har hatt ein god sesong utfrå dei føresetnadene dei har hatt.
Det er ingen som hadde tippa Brann på medalje i år. Dei som hadde tippa det, dei har ikkje greie på fotball. Men neste år, då kan dei snakke om medalje.
Hoff meiner Brann-supportarane må slå seg til ro med at årets sesong verken ender med nedrykk, eller medalje.
– Brann har spelt bra heime, og har også tidsvis spelt bra borte. Men resultata har gått feil veg. Ein skal til dømes hugse at mot Lillestrøm borte, så vart dei feilaktig frådømt ei scoring. Dei spelte heller ikkje dårleg når dei leia 2-0 borte mot .
Kvifor bortepoenga likevel ser ut til å utebli, har ikkje Hoff noko god forklaring på.
– Det er klart, alle lag treng leiartypar, men viss spelarar seier dei kvir seg og er redde, så får dei berre slutte med fotball.
LES OGSÅ:
Skarsfjord: – Mitt ansvar
Brann-trenar Rune Skarsfjord vedgår at Brann manglar dei tydelege leiarane.
– Dei må i langt større grad stå fram som leiarar. Det er mitt ansvar for at dei gjer det, seier Brann-trenaren, som meiner klubben må jobba med å dyrka fram leiarane.
Mot viktig sundag opplevde Skarsfjord nok ein gong at reddsla for å misslukkast tok overhand.
– Når eg snakkar med gutane er dei litt prega av frykta for konsekvensane, dei vågar ikkje å sleppa seg laus,
Korleis spelar det inn at de har spelt tolv bortekampar utan å vinna?
– Det mentale kan ein ikkje la vera å legga vekt på. Då treng me dei som står fram og tar leiarskap, seier Skarsfjord.