Hopp til innhold

Refsar eigne supporterar: – Uansvarleg oppførsel

Den 12. mann viste avsky mot måten klubben fornya kontrakten til trenar Rune Skarsfjord på. Både leiinga og spelarane langar tilbake mot fansen.

Protesterer mot forlenging av kontrakt

– UANSVARLEG OPPFØRSEL: Dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen slår tilbake mot protestane frå publikum.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Sinne blant Brann-supporterane

DEMONSTRERTE: Den harde kjernen på stadion sa tydeleg frå om kva dei meiner om leiinga i klubben.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Roald Bruun-Hanssen

SLÅR TILBAKE: Dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen skuldar supporterane for å ha gått over streken.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Kaos pregar igjen omgjevnadene rundt Sportsklubben Brann. Torsdag kom meldinga om at klubben fornyar kontrakten med trenar Rune Skarsfjord. Fredag møtte Brann-supporterane opp på stadion for å visa avsky mot leiinga i klubben.

Banner som «Brann: Kjøpt og betalt» og tilrop om at «styret må gå» overskyggja det sportslege i poengdelinga mellom Brann og Lillestrøm.

Slår tilbake mot supporterane

Etter kampslutt gjorde dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen det som er sjeldan i fotballen. Han slo tilbake mot demonstrasjonen frå supporterane.

– Utover i førsteomgangen synst eg det vart uansvarleg oppførsel frå dei.; Tilrop toler me, men dei må finna balansen og støtta laget. Der synst eg ikkje dei trefte i det heile tatt, seier den øvste administrative leiaren i klubben.

Er det ikkje dristig å kritisera supporterane på ein dag som denne?

– Supporterane må òg tola at hovudmålet til alle må vera at dei skal støtta laget. Eg synst dei drog det alt for langt i dag, seier Bruun-Hanssen til NRK.no.

Song ut mot styret i Brann

SINNE: Mange Brann-supporterar aksepterer ikkje at Brann har fornya kontrakten med trenar Rune Skarsfjord.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Usikre på Skarsfjord

Det er tidspunktet for den nye treårsavtalen som provoserer mange av supporterane. Den førre kontrakten med trenaren varte fram til sesongslutt 2014. Brann har etter tapet mot Lillestrøm gått fem kampar utan tre poeng, klubben har ikkje vunne ein bortekamp på snart eit år og mange er kritiske til om Rune Skarsfjord er rett mann til å leia klubben vidare.

I tillegg krev dei fakta på bordet om korleis ei pengegåve frå forretningsmannen og velgjeraren Trond Mohn verka inn på kontraktsprosessen. Klubben nektar for at pengegåva på 10 millionar frå Mohn kan sjåast på som press for å få på plass ein ny avtale med Skarsfjord.

LES ÒG: Pengar skal ikkje styra klubben

Støttar protestane

Leiar i supporterklubben Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen seier at han stiller seg bak protestane frå store delar av den harde kjernen på Brann stadion.

– Eg synst kritikken er ganske sakleg, i alle fall sett ut ifrå at det kjem frå ein tabloid fotballtribune. Eg har snakka med fleire i Brann, blant andre Rune Skarsfjord, og forstår at dei ikkje var einige i det, seier Lillebøe-Hansen.

Roger Lillebøe-Hansen

STØTTAR KRITIKKEN: Leiar i Bataljonen Roger Lillebøe-Hansen stiller seg bak protestane frå tribunen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han er usikker på om han har tillit til leiinga i klubben, og krev fakta på bordet.

– Me har stilt ein del kritiske spørsmål om tidspunktet fordi me er usikre på om det er rett å forlenga med Skarsfjord. I tillegg krev me svar på prosessen rundt dette litt uklare bidraga frå Trond Mohn. Me har ikkje fått alle svara, og dette må me botn i.

Stiller du deg bak tilropa om at styret i Brann bør gå av?

– Det har eg ikkje tatt stilling til. Eg meiner dette må diskuterast på eit årsmøte.

Vil de ta initiativ til eit ekstraordinært årsmøte?

– Det er noko me no diskuterer.

Fredag kveld sat styret i supporterklubben samla til møte. Seinare på kvelden venta møte med den daglege leiaren i sportsklubben.

Ordknapp hovudperson

Brann-trenar Rune Skarsfjord vert svært kort i svara når NRK.no spør han om korleis han opplever protestane etter at han vart einig med klubben om ein ny kontrakt.

– Eg har ein jobb å gjera, så får andre i klubben svara på korleis dei opplever det.

Men går tilropa inn på deg?

– Eg har hundre prosent fokus på jobben min.

Rune Skarsfjord

OMSTRIDD: Brann-trenar Rune Skarsfjord måtte svara på mange spørsmål om supporterdemonstrasjonen etter 1–1 mot Lillestrøm.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Gjekk ut over prestasjonen

Også fleire spelarar er skuffa over tilropa frå tribunen. Amin Askar opplevde det som at laget fekk supporterane i mot seg.

– Eg skulle ønskja at dei ikkje dreiv med dette på kampdagen. Dei kan komma å møta oss på trening. I dag får me dei mot oss, noko som pregar oss på ein negativ måte.; Dette vert for dumt, seier østfoldingen.

Det vert som regel tatt ille opp når klubbar og spelarar vender seg imot supporterane, men Roger Lillebø-Hansen vel å vera diplomatisk når han får høyra om kritikken frå Bruun-Hanssen og Askar.

– Når me kritiserer dei må me vel tola at dei kritiserer oss. Men me krev at dei svarar skikkeleg på kritikken vår, seier supporterleiaren.

Fotball

  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten