Med fire mål i løpet av 19 speleminutt i 8-0-sigeren mot Malmö kom Ronaldo opp i 11 mål på seks gruppekampar. Det er to fleire enn den gamle rekorden han sjølv delte med Luiz Adriano frå Shakhtar Donetsk.
Og etter ei slik oppvisning er ikkje ønskjet om å byte klubb serleg tungt. Ronaldo avviste alle rykte.
– Det er berre spekulasjonar, seier han, og viste til ein samtale han hadde med Paris Saint-Germains manager Laurent Blanc nyleg.
– Det var berre ein prat, og betyr ingenting. Eg har kontrakt med Real, og har ingen planer om å forlate klubben.
Han kommenterte også motstandar Malmö. Og ikkje i spesielt rosande vendingar.
– Det er tydeleg at dei ikkje er noko spesielt godt lag, sa han. – Men når vi spelar med så høg intensitet, fortener vi å vinne med slike siffer, la han til.
Det har også gått rykte om at han skal ha ønskt seg tilbake til sin tidlegare klubb Manchester United.
Seks av Ronaldos 11 mål har kome mot Åge Hareides Malmö. Og 8-0-sigeren kom vel med for Real Madrid etter motgang og mykje negativ omtale nyleg: 0-4 heime i El Clasico mot Bacelona vart følgt av ein pinleg diskvalifikasjon i den spanske cupen etter å ha brukt ein spelar som var utestengd.
Forsvarte utskjelt trenar
Sidan El Clasico har Ronaldo knapt nok sagt noko offentleg.
Det var gløymt i rekordkampen i går. Og trenar Rafael Benitez tangerte sin eigen meisterliga-rekord. Berre ein gong før har ein meisterligakamp enda med 8-0 – Liverpool mot Besiktas i 2007. Og då var Benitez Liverpool-manager.
– Rafael gjer ein god jobb. Han tilpassar seg Real Madrid og treng tid, og eg trur han er i ferd med å gjere ting på rett måte. Alle spelarane har eit godt forhold til han, sa Ronaldo etter kampen i går.
Benitez har i det siste vore til dels hardt kritisert at Reals tilhengarar, spesielt sidan stortapet mot Barcelona.
Første kamp med to hattrick
Det er også meisterligarekord at to mann laga hattrick – Karim Benzema scora tre av Reals mål. Det var Benzemas første på fem år.
Ronaldo blei også den andre i historia som scorar over 70 mål for ein og same klubb. Han er oppe i 73, men må sjå seg slått av Lionel Messi med 79.
Derimot er Ronaldos fire mål «berre» klubbrekord. Lionel Messi og Luiz Adriano har klart fem.
8-0 er også Reals største siger i ei europeisk turnering sidan 9-1 over Wacker Innsbruck i den gamle europacupen i 1990.