Det er britiske The Telegraph som publiserer opplysningar om at Platini hadde eit privat frukostmøte med Mohammad Bin Hammam ein månad før Qatar ble tildelt fotball VM i 2022.
Styremedlem sjokkert
Hammams lobbyvirksomhet inn mot den tidlegare franske fotballstjerna skal ha ført til at Platini gav sin stemme til det arabiske landet. Sjølv om stemmegivinga er hemmeleg har Platini sjølv avslørt at han gav si røyst til Qatar.
UEFA-presidenten har også tidlegare gått inn for å flytte meisterskapen til vinteren grunna den sterke varmen i landet.
Dermed veks korrupsjonsskandala rundt fotball-VM i Qatar i omfang.
Kva skjedde eigentleg då landet i Midt-Austen overraskande blei tildelt verdens største idrettsarrangement?
Eit styremedlem i FIFA seier til The Telegraph at han blei sjokkert då han fekk høyre om møtet mellom Platini og Bin Hammam.
Satt ned granskingskomité
UEFA har så langt nekta å kommentere den britiske avisa sine opplysningar.
Hammam er blitt skulda for å stå bak omfattende korrupsjon i forkant av avstemminga som gjorde det arabiske landet til VM-arrangør. I følge avisa Sunday Times skal den tidlegare FIFA-toppen ha brukt opptil 30 millionar kroner i bestikkelsar for å sikre seg VM i 2022.
Det internasjonale fotballforbundet, FIFA har satt ned ein granskingskomité som skal etterforske skuldingane. Konsekvensane kan bli at Qatar mistar VM. Og at det blir gjennomført ei omrøysting. Det har fleire FIFA-toppar foreslått.
Avsløringane har ført til at fleire land no håpar å ta over som VM-arrangør dersom Qatar mistar meisterskapen.
England håpar
Både Australia og USA som søkte om meisterskapen i 2022 har offisielt uttalt at dei står klare til å ta ta over.
FIFA blir i neste veke ferdig med innhentinga av all informasjon rundt stemmegivinga for både fotball-VM i 2018 og 2022.
Også England, som tapte for Russland om få arrangere VM i 2018, har ikkje gjeve opp håpet om ei omrøysting.
– Vi får sjå kva som skjer når FIFA legg fram sin granskingsrapport. Og kven veit kva som skjer i framtida, seier statsminister David Cameron.
Rapporten frå FIFA er planlagt ferdig i slutten av juli. Qatars fotballforbund har frå før nekta for alle skuldingane om stemmejuks.