NRK Meny
Normal

Melde Blatter for økonomisk utruskap i 2001

Tidlegare FIFA-styremedlem Per Ravn Omdal var mellom fleire som melde Sepp Blatter for økonomisk utruskap allereie i 2001.

Per Ravn Omdal

Per Ravn Omdal var mellom fleire FIFA-styremedlemmer som melde Blatter til politiet allereie i 2001

Foto: NRK

– Vi var 11 frå styret i FIFA som melde han til politiet for det som vart kalla economic mismanagement. Men saka vart lagd bort, seier Omdal til NRK.

Omdal har hatt mange verv i fotballen. Han har vore norsk fotballpresident, og styremedlem både i UEFA og FIFA.

Glad Blatter trekte seg

I dag er han glad for at Sepp Blatter har trekt seg .

– Er du overraska?

– Nei eigentleg ikkje. Men han burde gjort det for mange år sidan, seier Omdal.

– Kvifor skjedde det akkurat no, trur du?

– Eg trur at det som utløyste det, var brevet som trekte generalsekretær Jerome Valcke inn i korrupsjonsskandalen, seier Omdal, og siktar til brevet som avslører at Valcke skal ha vidareformidla pengar i samband med tildelinga av VM 2010 til Sør-Afrika .

– Dermed begynte skandalene å kome så nær Blatter at han ikkje lenger kunne leie organisasjonen, meiner Omdal.

– FIFA er verdas største idrettsorganisasjon for barn og ungdom. Dei fortener ein organisasjon som er betre leia enn det Blatter har stått for, seier Omdal, som sjølv er sterkt involvert i fotball for kvinner, barn og ungdom i Jordan.

Demokratisk underskot

Omdal er litt forundra over at Blatter likevel skal bli sitjande som president i fleire månader enno.

– Eg ville tru at når han varslar sin avgang berre nokre få dagar etter at han er vald, ville han gå av straks og overlate leiinga til den eldste av visepresidentane fram til den ekstraordinære kongressen, sa Omdal på Aktuelt på NRK2 i kveld.

– Er det demokratisk underskot i FIFA?

– Ja så absolutt.

– Ikkje varig skade på FIFA

Men han trur på betre tider no.

– No har FIFA sjansen til å reorganisere seg grunding. Det gjeld både FIFA sentralt og på regionalt nivå. Det trengst, og det er dei 73 som røysta på Blatters motkandidat ved valet som bør ta initiativet.

– Har skandalane gjort FIFA uoppretteleg skade?

– Nei, FIFA er ein sterk organisasjon. Skandalane er knytte til krinsen rundt ein mann, og når han er vekk, vil FIFA jobbe vidare. Det finst mange gode fotballeiarar. Når Blatter er borte, er det lys i tunnelen, meiner Omdal.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia