NRK Meny
Normal

Ny landslagsspelar Spurs

Rangers-stjerne blir dyraste skotte gjennom tidene.

Alan Hutton
Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

Høgreback Alan Hutton vart onsdag klar for Tottenham Hotspur. Den skotske landslagsspelaren har i lengre tid vore i forhandlingar med London-klubben, men onsdag ettermiddag stadfesta Spurs at dei hadde sikra seg spelaren.

23 år gamle Hutton forlet Glasgow Rangers for nesten hundre millionar kroner. Forsvarsspelaren blir med det den dyraste skotten gjennom tidene.

Tidlegare har Spurs kjøpt den engelske landslagsspelaren Jonathan Woodgate frå Middlesbrough.

 

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.