Hopp til innhold

Sjekk denne Grytebust-tabben

Aalesund-keeper Steen Grytebust var slepphendt for andre gang på under ein månad då dei oransje gjekk på tap i Bergen.

Grytebust

Her skjønnar Steen Grytebust at situasjonen ikkje går hans veg.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Dette var under gutenivå, seier trenar Rekdal om tangotrøyenes innsats etter kampen.

Rekdals menn hadde ikkje vunne borte på 17 kampar, og skulle kjempe for ein etterlengta triumf borte på Brann stadion sundag.

Men fem minutt før pause rakna nullen på verst mogleg måte for keeper Grytebust og Aalesund.

Slik skjedde det:

  • Steen Grytebust forsøker så å sette kjapt igang med eit utspel som går rett i beina til Austin. Austin skyt så mot det lengste hjørnet. Grytebust får tak i ballen på streken, men snublar i eigne bein og tar med seg ballen inn i eige mål.

– Nok ein gang kom det eit sjølvmål. Ein frykteleg tabbe av Steen, men det er slikt som skjer, sa ein skuffa trenar Kjetil Rekdal i eit intervju vist på TV2.

Grytebust var også slepphendt då Sandefjord sendte dei oransje ut av cupen tidlegare denne månaden.

Artikkelen held fram...

Brann møter Aalesund på Brann stadion

Til Brann-spelaranes store overrasking klarte Grytebust å fomle ballen i eige nett.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Austin

Rudolph Austin og Bentley stod for scoringane då Brann tok sin femte strake triumf i eliteserien.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– For dårleg kommunikasjon

Aalesund kom imidlertid tilbake i andre omgang, og utlikna ved Lars Fuhre då sju minutt stod igjen av ordinær tid.

Men kampen var ikkje over med det. Heilt på tampen kom Brann og Bentley tilbake, og avgjorde med 2-1-scoring.

– Folk kommuniserer for dårleg. Eg sa det før det skjedde at vi kjem til å tape dette, sa Rekdal.

Skarsfjord: – Ufortent om vi ikkje vann

Triumfen var Branns femte strake på heimebane. Etter ein trang start har det byrja å flyte godt for bergenslaget, inkludert Bentley, som hadde ein sesong under pari i fjor.

Sundag var afrikanaren på veg av banen då han sette det avgjørande målet.

– Eg heldt han inne litt ekstra nettopp fordi han skulle gjøre det, flira Skarsfjord til TV2.

– Det hadde vore ufortent om vi ikkje hadde vunne i dag, la han til.

Fotball