I førre veke melde storavisene at ein avtale var i ferd med å bli sluttført mellom Tottenhams Luka Modric og Real Madrid.
Tysdag kveld kunne ein tolke det slik at Modric hadde blitt ein del av manager José Mourinhos tropp. På heimesida til Real Madrid blei det nemleg oppretta profil på midtbanespelaren, med bilete og tekst.
Fjerna profilen
Få minutt seinare blei profilen sletta, men allereie då hadde fleire tusen lesarar fått med seg publiseringa.
Seinare gjekk ein talsperson for klubben ut, og hevda at klubben var offer for hacking.
Marca publiserte manipulert Modric-bilete
Kroaten kan bli hovudstadsklubbens einaste signering denne sommaren, om ein skal tolke ryktene rett.
Den spanske avisa Marca har i alle fall gjort sitt for å helle bensin på bålet i saka om Modric. Nyleg skal dei ha publisert eit bilete av 26-åringen, der ein på bilskilta bak spelaren kunne sjå at han var i Spania.
Seinare blei det avslørt at biletet var manipulert, og at bilane eigentleg var engelskregistrerte. Det kom også fram at fotografiet var tatt i 2010.
Marca hevda sjølv at biletet var tilsendt, og at dei ikkje visste noko om manipuleringa.
Modric kom frå Dinamo Zagreb til Tottenham i 2008. Overgangssummen var på rundt 150 millonar kroner.