Hopp til innhold

Mannen som fann opp ligasystemet

Oppfinninga hans såg dagens lys for nøyaktig på dagen 125 år sidan, og har halde seg så å seie uendra heilt opptil i dag.

William McGregor

Skotske William McGregor er opphavsmannen til ligasystemet. I dag er det nøyaktig 125 år sidan dei første ligakampane vart spela

Foto: (ukjent)

Det var eit slitesterkt konsept han la på bordet i 1888, manufakturhandlar William McGregor i England. Ligasystemet – klubbar som møtest heime og borte, og som materialiserer resultata i ein tabell – er nesten uendra den dag i dag.

8. september er det på dagen 125 år sidan skotten sin idé vart sett ut i livet. Den dagen i 1888 vart dei fem første ligakampane spelt:

  • Bolton – Derby 3–6
  • Everton – Accrington 2–1
  • Preston – Burnley 5–2
  • Stoke – West Bromwich 0–2
  • Wolverhampton – Aston Villa 1–1

Blackburn og Notts County var også med, men dei spela ikkje sine første kampar før helga etter.

Preston "The Invincible"

Preston North End 1888

Dei første ligameistrane–Preston 'The Invincible'

Foto: Photograph: Howard Barlow

Preston vart ikkje berre den første ligameisteren, dei er til dags dato den mest suverene. Med 18 sigrar og fire uavgjort var dei 11 poeng framfor Aston Villa. Omrekna til tre poeng for siger hadde dette blitt 17 poeng. Det er eitt mindre enn Manchester United i 2000, men United spela 38 kampar mot Prestons 22.

Same sesongen vann Preston FA-cupen utan å sleppe inn mål. Ikkje rart dei fekk kallenamnet "The Invincible" – dei uovervinnelege.

Skotten McGregor såg sin første fotballkamp heime i Perth lenge før fotballen vart organisert. Men interessa var fødd, og den tok han med seg då han flytte til bydelen Aston i Birmingham i 1870.

Seinare oppstod klubben Aston Villa der, og bana deira på den tid låg berre hundre meter frå butikklokalet hans. McGregor gjekk straks inn i klubbleiinga.

Proff-fotball kravde stabile inntekter

Profesjonell fotball vart lovleg i 1885 etter mange års hard krangel, og det oppstod straks behov for regelmessige kampar og forutseielege inntekter. For fotballen i England bestod av FA-cupen og private kampar og turneringar. Desse var tilfeldige, og ikkje sjeldan let klubbane rett og slett vere å møte opp av ulike grunnar. Inntektene vart altfor tilfeldige til drift av profesjonelle klubbar.

McGregor hadde etter kvart blitt klubbpresident i Aston Villa. Etter at fem Villa-kampar på rad vart avlyste fordi motstandaren ikkje møtte opp, tok han affære.

2. mars 1888 sende han eit brev til fire andre klubbar – Blackburn, Bolton, Preston og West Bromwich – der han bad om eit møte om problemet. Han tok til orde for eit samarbeid om eit fastspikra og garantert kampprogram for kvar sesong. Han bad også desse klubbane om å legge fram forslag til fleire andre klubbar dei måtte meine kunne vere med på ein slik idé.

I Manchester 17. april vart opplegget spikra. 12 klubbar – seks frå Lancashire og seks frå Midlands – var med frå start.

Organisasjonen fekk namnet "The Football League". Ligabegrepet var dermed født, men det var mot McGregors ønskje. Han assosierte det med "The Irish League", ein halvmilitær organisasjon med død og vald som kjenneteikn.

Ikkje desto mindre vart liganamnet vedteke, og har følgt fotballen verda rundt i alle år etterpå.

12 klubbar var maks

12 klubbar vart rekna som maksimum, ettersom det ikkje fanst fleire ledige laurdagar i dei sju månadene (september-mars) når ein drog frå helgene med FA-cup og eit par andre store prestisjetunge turneringar.

8. september same året var det heile i gang. Boltons Kenyon Davenport vart den aller første målscorar i ein ligakamp. Han laga endå eit mål seinare i kampen, men Bolton tapte 3–6. Uansett – dette var starten på noko stort.

Heilt ferdig var ikkje konseptet. Til å begynne med var det einaste som talde at kampane garantert skulle vere spela slik at klubbane fekk inntekta si. Ingen hadde tenkt på å sjå kampane i samanheng.

Umiddelbar suksess

Manchester United

Manchester United tok pokalen i 2013–etter nesten nøyaktig same tabellutrekning som William McGregor fann opp nesten 125 år tidlegare

Foto: ANDREW YATES / Afp

Men tanken om ei samanfatting av resultata melde seg raskt. Til å begynne med var det snakk om å rangere klubbane etter talet på sigrar. Men etter nokre heidundrande uavgjortkampar med 4–4 og 5–5 kom ligaleiinga fram til at også dette burde premierast.

Først nærmare tre månader ut i sesongen vart det bestemt at siger skulle gi 2 poeng, uavgjort 1, og at såkalla målgjennomsnitt (scoringar dividert med baklengsmål) skulle skilje ved lik poengsum.

Ligasystemet vart ein umiddelbar suksess. 6–7000 tilskodarar i gjennomsnitt var mange i dei dagar, og 4,4 mål i snitt på dei 132 kampane den første sesongen fortel om action og god underhaldning. Berre to av kampane enda 0–0.

Men viktigast av alt: Kampane vart spela, og klubbane fekk dei regelmessige inntektene dei skulle ha.

Slitesterkt konsept

Ideen slo raskt rot. I løpet av få år vart fleire ligaer stifta i England. The Football League stod imot alle angrep og vart etter kvart den klart største i England.

– Football is a big business, slo McGregor fast i 1905. Då hadde han også akseptert kjøp og sal av spelarar, noko han tidlegare hadde vore sterkt imot.

Men det interessante er likevel at i 2013 er ligasystemet framleis i basis langt på veg det same som i 1888. Endring av målgjennomsnitt til målskilnad i 1976 og poengsystemet frå to til tre poeng for siger i 1981 (i England) er for detaljar å rekne.

William McGregor såg nok ein del utviklinga sjølv. Ligasystemet breidde seg til land over heile verda med nesten eksplosiv fart, og fotballkampar i system var truleg den største idretten i verda allereie i McGregors levetid.

Han døydde 20. desember 1911, 65 år gammal.

Fotball

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland