NRK Meny
Normal

Mysteriet løyst etter 125 år: Han scora det første ligamålet i verda

Eit 125 år gammalt mysterium vart løyst i dag: Kven som scora det aller første ligamålet i verda.

Bolton 1888

Boltons Kenyon Davenport (nummer to frå høgre i fremste rekke) har endeleg fått den æra han skal ha: Han er anerkjent som mannen med det aller første ligamålet i verda

Mannen heitte Kenyon Davenport, spela for Bolton Wanderers og gav laget leiinga etter berre to minutt av kampen mot Derby laurdag 8. september 1888. Klokka 15.47, for å vere nøyaktig.

Hittil har dette vore eit mysterium. Aston Villa-spelaren Gersham Cox har fått den tvilsame æra for å vere første målscorar. Tvilsam fordi det var eit sjølvmål, og dermed sende han motstandar Wolverhampton i leiinga. Dette målet kom etter 31 minutt, altså klokka 15.31. Trudde forskarane.

Dei trudde også at den første som sette ballen i rett mål, var Prestons Fred Dewhurst. Han scora etter berre to minutt mot Burnley.

Forseinka tog til Preston

Den kampen var forseinka på grunn av at Burnleys tog ikkje nådde fram til Preston i tide. Kampen begynte kl 15.50, og Dewhursts mål kom kl 15.52.

Men i dag kom det ut ei bok med nye opplysningar. Forfattarane har nemleg bladd i gamle aviser og funne ut at også Villas kamp hadde seint avspark – 15.30, ikkje 15.00 som ein tidlegare har trudd. Første målet der kom etter 31 minutt – altså først klokka 16.01.

Det snudde opp ned på alt. Bolton – Derby hadde avspark kl 15.45. Davenports mål klokka 15.47 kom fire minutt før Dewhursts mål i Preston, og heile 14 minutt før sjølvmålet til Aston Villa.

Avisannonsar og ulne referat

Dette har forfattarane funne ut ved å saumfare avisannonsar og referat frå avisene på den tid. Men kampfakta-opplysningane er svært så sparsame, derfor har det så lenge vore uvisst kven som faktisk var først.

Det skjedde rett som det var at spelarar og lag kom for seint fram, derfor var det slett ikkje alle annonserte kamptidspunkt som kom til å stemme.

For avisjournalistane var det heller ikkje lett å halde styr på rett namn. Avstanden var stor, og spelarane – utan nummer – var ofte folk dei ikkje hadde sett før. Ikkje sjeldan fekk ikkje journalisten med seg kven som faktisk scora.

– Alle i Bolton visste kven "Kenny" Davenport var. Han var ein arbeidarklassegut som fekk lov å representere klubb og land, sa Mark Metcalf, ein av forfattarane.

– Men eg trur ikkje han hadde nokon ide om kor viktig dette målet kom til å bli, la Metcalf til.

Badekar, pub, og heim til kona

Det gjorde han nok ikkje. Historia fortel at han scora eit mål til i kampen som Bolton tapte 6-3, hoppa i badekaret for å skrubbe av seg skitten, tok eit par raske pints på nærmaste pub, og rusla heim til fru Emma og dei to barna.

The Football League fyller 125 år i år, og det skal markerast ved at seks av dei laga som var med i starten, skal møtest i tre kampar når ligaen opnar den nye sesongen komande helg.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.