Det var duka for ein kamp mellom David og Goliat då fjorårets meisterligavinnar, Barcelona, i kveld møtte kviterussiske BATE Borisov på Dunama Stadium.
«Underdog» BATE ville så gjerne, men eit leikent og stjernespekka Barcelona var som venta fullstendig overlegne, og vann til slutt 5-0 i regntunge Minsk torsdag kveld.
Lionel Messi briljerte på topp, og viste kvifor han er kåra til verdas beste spelar to år på rad.
- SJÅ OGSÅ: Målservice og kampfakta BATE Borisov - Barcelona
- SJÅ OGSÅ: Målservice og kampfakta Arsenal - Olympiakos
Kleggen Messi scora to
Svarttrøyene frå Barcelona framstod på gjenkjenneleg vis som lettbeinte og presise. Det var som vanleg god flyt i pasningsspelet, og BATE måtte tidleg gje etter for overmakta.
Den unge legenda Lionel Messi (24) var, som han brukar å vera, som ein klegg på ballen når målsjansane oppstod. Det gav uttelling ikkje berre ein - men to gonger.
Argentinaren nikka først inn til 3-0 etter 37 minutt. I andre omgang varta Messi opp med ei real perle. Med venstrefoten klistra argentinaren ballen oppe i høgre hjørnet for målvakta på pasning frå Alves.
Blemme frå BATE
Likevel var det vertskapet sjølv som opna målkontoen til Barcelona. BATE-midtbanespelar Aleksandr Volodko var uheldig ved bakerste stolpe og sat ballen i eige mål etter 19 minutt.
Men formsterke Barcelona la seg ikkje på latsida av den grunn. Tre minutt etter kippa David Villa ballen lekkert over til Pedro Rodríguez, som sørgja for 2-0.
Først i 30.minutt fekk vertskapet ein ordentleg sjanse. BATE-spiss Volodko kom seg fri i feltet på motsett banehalvdel, men Carles Puyol rydda unna og deretter var det stort sett Barcelona som stod for spenninga.
Til slutt var det David Villa som la krona på verket med 5-0-scoring i 90.minutt.
Null tap på ni kampar
BATE er eit godt lag som leier den kviterussiske serien. I UEFA-samanheng har ikkje laget tapt på ni kampar. Dei regjerande katalanske meisterane er likevel i ein klasse for seg.
- LES OGSÅ: Barcelona reiste seg med 8-0-triumf
Før dagens duell hadde Barcelona spelt sine fem siste kampar utan tap (to sigrar, tre uavgjort). BATE Borisov hadde ein siger og fire uavgjort før dei i kveld tok i mot katalanarane.
Barcelona måtte ta til takke med uavgjort mot AC Milan (2-2) i første runde av europacupen. Poengdeling blei det også på BATE Borisov, som møtte V. Plzen (1-1).
Dei færraste har tru på at lilleputtlaga i gruppe H, BATE Borisov og Viktoria Plzen, vil kunne hamla opp med gruppemotststandarane og to av verdas største fotballklubbar - Barcelona og Milan.
Om tre veker spelar Barcelona mot Viktoria Plzen på heimebane, medan BATE får nok ein tøff duell mot AC Milan.