Det skjedde i april, men først i dag avslørte Assem Allam at han reagerte med å prøve å selje klubben.
Den 75 år gamle egyptaren som har eigd den engelske fotballklubben sidan 2010, har lagt mykje prestisje i å få Tigers inn i namnet på klubben, som har gule og svarte striper på sine tradisjonelle drakter.
«City till we die»
Men forslaget vekte sterk harme blant klubbtilhengarane, som ville halde på det tradisjonelle namnet. «City til we die», heitte aksjonsgruppa som mobiliserte motstanden.
9. april sette også FA, det engelske fotballforbundet, foten ned. Dei godkjende ikkje namnet Hull Tigers.
22 timar seinare var klubben lagt ut for sal. Men det har ikkje vore offentleg kjent før eigaren sjølv gjekk ut og kunngjorde det i dag.
– Vi hadde bestemt oss før FA kom med si avgjerd. Vi hadde planer om å marknadsføre Hull Tigers som globalt varemerke. Men når det ikkje gjekk, ville vi selje oss ut av klubben, sa Allam til media torsdag.
– City er eit dårleg og altfor vanleg namn. Om vi hadde brukt Tigers i staden, hadde det vore langt lettare å marknadsføre, sa Allam.
Anka til CAS
Heilt avgjort er likevel ikkje saka. Allam fortalde i dag at han har anka avslaget til CAS, den internasjonale sportsdomstolen.
Dermed antyda han også at han kan kome til å halde fram i klubben dersom ankesaka fell ut i hans favør.
– Dersom eit potisivt utfall av anken kjem først, då er alt OK. Ingen skade er skjedd. Dersom salet kjem først, er klubben seld, sa klubbeigaren.
Han ville ikkje uttale seg om det har meldt seg interessentar til å kjøpe klubben.
– Om ingen vil kjøpe klubben, gir eg han vekk. At eg er ute, betyr at eg er ute. Eg har aldri sagt noko og deretter gått vekk frå det, sa Alam.
Sidan Allam tok over i 2010, har Hull City rykka opp i Premier League, der dei førre sesong vart nummer 16. Dei nådde også FA-cupfinalen, der dei
etter å ha leia 2–0 før det var spela ti minutt.