– I lys av det som skjer i Ukraina er det absolutt eit logisk steg, seier Vladimir Klitsjko i eit intervju med tyske Spiegel Online.
– Det er leiarane i landet åleine som er ansvarlege for skadane på Ukraina sitt ansikt utad, seier han.
Torsdag skreiv same nettstad om korleis Angela Merkel vurderer å boikotte delar av fotball-EM i Ukraina i sommar.
Boikotten skuldast behandlinga av opposisjonsleiar Julia Timosjenko.
I oktober 2011 vart den tidlegare statsministeren dømt til sju års fengsel for maktmisbruk og for å ha inngått ein ulønsam gassavtale med Russland.
Ho hevdar presidenten Viktor Yanukovich har ein personleg vendetta mot ho og prøver å fjerne ho som politisk motstandar.
- LES OGSÅ:
Politisk medvitne utøvarar
Klitsjko har full forståing for at politiske leiarar har planar om EM-boikott. Men han er imot ein sportsleg boikott.
– Eg er imot å politisere sport, men idrettsutøvarar må vere klare over kva som skjer i eit land dei konkurrerer i, seier Klitsjko.
– Tenk berre på VM i Argentina i 1978. På den tida vart motstandarar av regimet torturerte og drepne. Berti Voigts, Tyskland sin landslagskaptein, sa at han ikkje hadde sett nokon politisk fangar, og at Argentina var eit land med orden, seier boksaren.
Når det gjeld Ukraina, seier Klitsjko at EM er det største idrettsarrangementet i Ukraina sin historie, og at det må gjennomførast.
Han meiner EM er ein gyllen moglegheit til å setje fokus på det som skjer i landet.
– Det er viktig at ein ikkje straffar heile folket. Presset må leggjast på leiarane i landet, som har ansvar for det som skjer i Ukraina no. Dei må stillast til ansvar, seier Klitsjko.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram under biletet)
Fleire vender ryggen
EU-leiarar og presidentar i fleire EU-land har den siste tida vendt Ukraina ryggen.
Presidenten i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, har «ingen intensjonar» om å reise til Ukraina eller delta i arrangement der, som til dømes fotball-EM, seier ei talskvinne for Barasso måndag.
Den tsjekkiske presidenten, Václav Klaus, avlyste måndag si deltaking på eit møte mellom sentraleuropeiske presidentar i den Ukrainske kystbyen Yalta i mai.
Frå før har presidentane i Austerrike og Slovenia gjort det same.
– Det er fleire grunnar til dette, men situasjonen til Julia Timosjenko er av betydning, seier ein talsmann for president Klaus til avisa Lidove Noviny, melder AFP.
- LES OGSÅ:
Ukraina åtvarar
– Me skulle ønske at dei politiske leiarane i Tyskland ikkje vil gjenopplive metodane frå den kalde krigen og ta sporten som eit gissel i politikken, seier talsmann for det ukrainske utanriksdepartementet, Oleg Voloshyn, til nyheitsbyrået Interfax.
Tyskland har vore ein av dei som har kritisert Ukraina mest i Timosjenko-saka.
– Me har lyst til å tru at dette berre er falske meldingar frå media, sa Voloshyn om dei tyske boikottplanane.
Det er berre litt over ein månad til fotball-EM blir sparka i gang. Spenningane mellom vertslandet Ukraina og resten av Europa ser ikkje ut til å bli betre med det fyrste.