Heile Fosshaugane vart sitjande skrekkslagen å sjå keeperen liggje medvitstlaus att på banen etter samanstøyten med Diomande.
Dahlin vart boren av bana og fekk stadfesta hjerneristning. Etter kampslutt vart keeperen også sendt til kontroll for å avdekke eit eventuelt nasebrot. Det var mange som fekk flash-back til då Brann-spelar Carl-Erik Torp segna om med hjartestans for ganske nøyaktig to år sidan.
– Det var veldig, veldig ekkelt. Eg fekk sjokk, seier Sogndal-stoppar Gustav Valsvik etter kampen.
Bad om orsaking
Han stod like i nærleiken då Diomande small saman med Dahlin på ein duell. Den svenske keeperen gav retur på eit skot, men var først på ballen. Der kom Diomande jagande og trefte han i ansiktet med kneet.
– Eg kjende eg trefte han i nasen med kneet. Det var overhovud ikkje med vilje, seier Strømsgodset-spelaren etter kampen.
– Eg gjekk rett i garderoben og bad han om orsaking. Det går heldigvis bra, legg han til.
– Veldig hard duell
– Publikum ropte på både gult og raudt kort. Kva du tenkjer om det?
– Nei, det tykkjer ikkje eg. Det var duell om ballen. Han tok ballen først og eg prøvde å hoppe unna då eg trefte han med kneet. Det var eit uhell.
Sogndal-trenar Jonas Olsson seier han ikkje såg situasjonen godt då den skjedde. På spørsmål om han meiner Strømsgodset-spelaren burde fått kort, svarar han:
– Mi kjensle er også at duellen er veldig hard, men eg har ikkje sett den, seier han.
Flashback
Assistenttrenar Tom Mangersnes seier det var ei frykteleg oppleving å sjå dramatikken frå benken.
– Du har dommaren som så intenst signaliserer at hjelpemannskapet må komme på bana og du har dei som slepp alt og stormar utpå, seier han og legg til:
– Det var veldig, veldig ekkelt. Eg var ikkje her sjølv, men dei aller,aller fleste fekk flash back til hendinga med Carl-Erik Torp.
Hugsar lite av smellen
– På det tidspunket var stillinga heilt uviktig og du får får ein støkk når du ser ein av spelarane dine bli boren av bana og du ikkje veit kva som skjer. Heldigvis ser det ut til å gå bra, legg Mangersnes til.
Dahlin fekk tilsyn av det medisinske apparatet etter kampen. Sjølv hugsar Dahlin minimalt av det som skjedde. Keeperen var medvitslaus ei lita stund etter samanstøyten.
– Han hugsar han går i duellen og blir treft av spelaren, men veit ikkje om det er skoen eller kneet som treff han i hovudet, seier Mangersnes.