United baud i helga 28 millionar pund (i overkant av 250 millionar kroner) for dei to Everton-stjernene. Men Everton avviste bodet tvert.
Bodet innebar 16 millionar pund for Fellaini og 12 millionar for Baines, ifølgje rapportar i britiske media.
Begge spela i 2-2-kampen borte mot Norwich i serieopninga laurdag.
– Vi kan stadfeste at vi har teke imot eit bod på to spelarar. Men vi har aldri vurdert dei, vi meiner dei er både krenkande og fornærmande, seier Evertons kommunikasjonsdirektør Alan Myers i ei pressemelding frå klubben.
Salsklausul for Fellaini
Uniteds manager David Moyes var manager i Everton i 11 år fram til han skifta jobb i sommar. Det var han som kjøpte både den belgiske midtbanemannen Fellaini og forsvarsspelaren Baines til Liverpool-klubben.
Fellaini skal i sin kontrakt ha hatt ein klausul om at Everton måtte selje han for eit bod på 23,5 millionar pund. Men tidsfristen for den klausulen gjekk ut 31. juli.
Derfor er irritasjonen i Everton stor, ettersom det var Moyes sjølv som var sjef då Fellainis pris-klausul og frist vart lagt inn i kontrakten.
Avvist bod også i juni
Evertons nye manager Roberto Martinez uttrykte tidlegare denne månaden glede over at klubben framleis har Fellaini i stallen etter at tidsfristen for kjøpe-klausulen hadde gått ut.
United la også på bordet eit bod på 12 mill for Baines allereie i juni, men også det vart kontant tilbakevist av Everton.
– Dei kom med eit bod som ikkje var i nærleiken av det spelaren er verdt, sa Martinez til avisa Liverpool Echo då.
Moyes kjøpte Baines til Everton frå Wigan for 6 millionar pund i 2007, og Fellaini frå Standard Liege for ein klubbrekord på 15 millionar pund i 2008.
Overgangsvindauget stengjer måndag 2. september, og United har derfor framleis tid til å kome med nye bod på spelarane.