NRK Meny
Normal

Hylla heime i Ålesund

Kjetil Rekdal blei hylla med bursdagssang framfor feststemte Aalesund-supporterar etter cuptriumfen på Ullevaal.

Video AaFK-heltane kom heim til jublande publikum

AaFK-heltane kom heim til jublande publikum

– Ein blir aldri lei av dette. Å gje noko tilbake til fansen og byen er det vi er her for, i tillegg til å hente titlar og skrive historie sjølvsagt, seier trenar Kjetil Rekdal til NRK etter hyllesten i Ålesund.

– Måtte visst ta eit cupgull til

NM-vinnaren kom på scena i Ålesund seint sundag kveld.

Over sju timar etter at cuptroféet var sikra kunne dei kjenne jubelbruset ekstatiske fans.

– Eg sa førre gong at neste gong vi stod her skulle vi feire noko anna, men vi måtte visst ta eit cupgull til før vi byrjar å rote oss lenger opp på tabellen, sa Rekdal frå scena i Ålesund.

Video Rekdal feiret bursdagen med gull

Rekdal feira bursdagen med gull

– Ikkje stolt over å fylle 43

Etter 2-1 siger mot Brann på Ullevaal kunne trenaren senke skuldrane og nyte ein bursdagssang dei fleste bare kan drøyme om.

For på torget i Ålesund var Rekdal mannen som stod i sentrum då laget kom på scena.

– Eg er ikkje særleg stolt av at eg fyller 43 år, men eg er sjølvsagt stolt over gjengen bak meg her (Aalesund-spelarane) som har fortent å vinne igjen. Det er ikkje meir enn to år sidan sist, sa Rekdal framfor tusenvis av feststemte Aalesund-supporterar.

– Korleis har du det no?

– Dette er like rått kvar gong. Cupgull to gonger på kort tid er bare heilt fantastisk, seier Rekdal.

Les meir under biletet!

Cupfest i Ålesund 2011

Aalesunds cupheltar var i hundre då dei møtte fansen i heimbyen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Blir meir enn bare pærebrus

Det har bare blitt fleire og fleire bilete av jublande Aalesund-spelarar etter fest-matchen på Ullevaal.

Seint sundag starta feiringa for alvor.

– Kva direktiv har Rekdal gitt angåande festen?

– Eg trur vi får frie tøyler. Men vi skal prøve å ikkje bli heilt drita. Og Kjetil fikk jo ein kasse pærebrus i går, så eg reknar med han er nøgd også, seier Ulvestad og ler.

Kjetil Rekdal har på si side planar om meir enn bare pærebrus.

– Eg skal vel smake litt anna, smiler Rekdal til NRK.no.

  • SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ FINALEN:
Video Cupfinalen 2011

Cupfinalen 2011

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.