- Korleis skal du feire Aalesunds cuptriumf? Send inn dine bilete frå festen til nettsport@nrk.no
«AAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAFK!! STOLT ORANSJE Å BLÅ!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Gratulere!! Ålesund er verdens centrum idag!!»
Slik stod det skrive på tidlegare Aalesund-keeper Anders Lindegaards Twitter-konto etter sunnmørsklubbens cuptriumf mot Brann.
I ein sjansefattig andre omgang hadde Manchester United-keeper Lindegaard god tid på å førebu gratulasjonsmeldinga til gamleklubben. Då sluttsignalet gjekk var han ikkje aleine om å spre gledesord på Twitter.
- Vil du gratulere Aalesund med cuptroféet? Skriv i kommentarfeltet nedst i artikkelen!
Gratulasjonar frå rivalen
Også seriemeister og Molde-spelar Magnus Wolff Eikrem var kjapp på tastaturet etter at rivalen hadde sikra sitt andre cuptrofé i historia.
«gratulerer til aalesund! møre og Romsdal say whaat?» skreiv Molde-profilen på Twitter.
- SJÅ VIDEO:
Stoltenberg tok av seg hatten
Ein slagen Brann-trenar, Rune Skarsfjord, måtte bare bøye seg i støvet for tomålsscorar Michael Barrantes då nederlaget var eit faktum.
– All honnør til Barrantes som nok ein gang avgjer ein fotballkamp. Det er bare å ta av seg hatten for han, og AaFK vinn fortent i dag, sa Skarsfjord.
På Aalesund-benken tok dei av seg hovudplagget i ekstase.
– I dag var vi gode. Fy f*** den 1. omgangen vi spelte i dag er noko av det beste eg har sett av laget mitt. Det er bare å ta av seg hatten, sa trenar Kjetil Rekdal til NRK like etter kampen.
Finalesigeren fekk også fleire politikar-hattar til å fly til himmels.
Statsminister Jens Stoltenberg kunne melde følgande på Twitter ein god time etter kampen:
«Gratulerer til Aalesund med cupgullet!»
Det samme gjorde kollega og kulturminister, Anniken Huitfeldt:
«Gratulerer Aalesund!»
- SJÅ VIDEO:
Giertsen: «Snåsamannen fikk rett»
Før oppgjeret tok Snåsamannen på seg oppgåva som den «tyske» blekkspruten Paul hadde under VM i Sør-Afrika i 2010, og tippa Aalesund-siger før kampen.
Det beit humorist Thomas Giertsen seg merke i:
«Si hva du vil, men Snåsamannen fikk rett: Ålesund vant.»
Send inn din gratulasjon til Aalesund under videoen!
- SJÅ VIDEO: