Ole-Gunnar Solskjær skal ikke lenger være aktuell. Han vil fullføre kontrakta med Molde, det hevdar kjelder NRK har vært i kontakt med. Etter det NRK erfarer er Per-Mathias Høgmo førstevalet til Norges Fotballforbund. Dei same kjeldene hevdar Djurgården-trenaren blir presentert som ny landslagssjef i løpet av kort tid.
– Vi vil ikkje kommentere verken namn eller framdrift no, men vi er i ein god prosess, seier fotballpresident Yngve Hallén til NRK.
– Jeg har også hørt de samme ryktene om at Per-Mathias Høgmo kan bli ny norsk landslagssjef, seier Djurgårdens sportslege leiar Anders Grönhagen til NRK, men vil ikkje kommentere om han har snakka med Høgmo om Norge-jobben.
Ettersom Solskjær tidlegare har sagt han vil jobbe med klubbfotball i mange år enno, tyder alt på at det er Høgmo som er nærmast jobben som Drillos arvtakar.
Høgmo tok over Djurgården tidlegare denne sesongen og har styrt klubben frå sisteplass på tabellen og til ein plass godt over nedrykksstreken.
Må svare Djurgården innan tysdag
No har klubben tilbode nordmannen ein treårskontrakt, med svarfrist 1. oktober.
– Vi er framleis i dialog med Høgmo, men tenkjer no mest på kampane vi skal spele dei neste dagane, seier Grönhagen, og tenkjer først og fremst på kveldens Stockholms-derby mot AIK.
Molde forhandlar med Solskjær om forlenging av kontrakten.
– Meir sannsynleg at han blir enn at han ikkje blir
– Vi er i dialog med Ole Gunnar og hans rådgjevarar om ei eventuell ny avtale med Molde. Så får tida vise om vi kjem i mål, seier Moldes klubbdirektør Tarjei Nordstrand Jacobsen.
– Føler du han kjem til å vere manager ut den kontrakta han har med Molde?
– Det er vanskeleg å seie, men eg trur det er meir usannsynleg enn sannsynleg, seier sportsdirektøren.
Solskjær har ført Molde til to seriemeisterskap av to mogelege sidan han kom til klubben som manager i januar i 2011.
– Men vi må leve med spekulasjonar så lenge han er tilknytt Molde, legg Jacobsen til.
– Eg har kontrakt her og trivst her. Alle andre spekulasjonar får ligge, og ikkje noko får ta mitt fokus vekk frå Molde FK no, seier Solskjær sjølv til NRK.
Han ser fram til cupkampen mot Lillestrøm i morgon.
– Akkurat no tenkjer vi på semifinale og ikkje noko anna, seier Solskjær.