Etter å ha scora tre mål på rappen i gårsdagens kamp mot Sør-Korea, er Argentina-spiss Gonzalo Higuaín den nye folkehelten i Argentina.
Hattricket resulterte ikkje berre i siger for Maradonas menn og toppscorartittel til Higuaín så langt i meisterskapet.
No blir den målfarlege spissen nevnt i same andedrag som fotballegende Gabriel Batistuta - også kalla "Batigol".
– Det er ei ære å gå inn i historia som tremålsscorar for Argentina, seier Higuaín til argentinske medier etter gårsdagens bragd.
I Batitstuta sine fotspor
Higuaín overbeviste ingen i opningskampen mot Nigeria, men i går losna det for Real Madrid-spissen.
Ikkje sidan Batistuta banka inn tre mål mot Jamaica i VM i Frankrike i 1998, har ein argentinsk spelar prestert det same i eit VM-sluttspel. I går var det Higuaín som laga målfest - med Batistuta som tilskodar på tribunen.
– At sjølvaste Batistuta fulgte med meg frå tribunen er veldig stort for meg, seier spissen, som ikkje vil vedgå at han er Batistutas arvtakar - enno.
– Eg er svært nøgd med eigne prestasjonar så langt, men det gjeld å halde seg roleg. VM har nettopp starta, seier Higuaín til avisa La Nación.
Tredje i rekka
22-åringen er den tredje argentinaren med tre mål i ein kamp i VM-samanheng.
Først ute var Guillermo Stábile som scora halvparten av Argentina sine mål i 6-3 sigeren mot Mexico i 1930-meisterskapet.
Batistuta sørga for neste argentinske VM-hattrick i oppgjeret mot Hellas i 1994 og mot Jamaica i 1998. Han er den einaste som har scora hattrick i to påfølgjande VM-sluttspel, og blir omtalt som ein av dei mest målfarlege spelarane verda har sett i nyare tid.
Jaktar titlar
Etter å ha putta tre raske er Higuaín førebels toppscorar i årets VM. Hakk i hæl kjem Diego Forlan frå Uruguay med to mål.
No jaktar argentinaren fleire scoringar for å vinne gullskoen og ta Argentina til topps i årets VM.
– Eg håpar at me kan fortsetje å lage historie, slik at me får det me kom for: tittelen som verdens beste fotballlag, seier Higuaín.
Argentina spelar sin neste kamp mot Hellas tysdag 22.06 kl. 20.30.