NRK kan som første norske medie vise fram den konfidensielle avtala mellom Egil Olsen, hans assistent Otto Ulseth, og det irakiske fotballforbundet.
Kontrakta på arabisk er signert av Egil Olsen og Iraks mektige fotballpresident Hussein Said Mohammed.
Skulle skaffe sponsormidlar
Dokumentet viser at den norske fotballtrenaren fekk ei månadsløn på 40.000 euro i månaden, omlag 320.000 norske kroner. Men irakarane forventa i tillegg at Drillo skulle skaffe forbundet store sponsorinntekter. I sjuande og siste punt står det: "I tilfelle vi ikkje får den økonomiske støtta som partane blei einige om..., må kontrakta revurderast igjen i alle ledd."
Drillos advokat Gunnar Martin Kjenner stadfestar at dei skulle skaffe sponsormidlar.
-Då vi ikkje fekk inn pengane i tide, gjekk både Drillo og Otto Ulseth med på å halvere løna, seier Kjenner.
Video: Se mer om Drillos arabiske kontrakt.
- Blei for dyr
For i det irakiske fotballforbundet seier dei no at Drillo fekk sparken rett for slett fordi han blei for dyr.
-Selskap som i byrjinga lova å betale heile løna til Drillo trakk seg tilbake. Dei ville berre betale halvparten. Dette skapte forvirring, det blei for dyrt. Vi hadde ikkje råd til å betale løn til Olsen og assistenten hans, seier Ahmed Radhi Awish, medlem av den irakiske idrettskomiteen.
Ignorerte andre sponsorar
Men Gunnar Martin Kjenner er frustrert over endå ei forklaring på kvifor Egil Olsen blei oppsagt.
-Dette føyer seg inn i rekkja av mange forklaringar. Vi hadde tilsagn på fleire sponsorar som ville bidra med langt meir enn det Egil og Otto kosta i løn. Det irakiske forbundet blei informert om dette, men ignorerte bodskapen.
- Men eg vil også streke under at det ikkje var ein føresetnad at sponsorinntektene skulle gå til lønningar, seier Kjenner, som no ventar på at FIFA skal ferdigbehandle eit krav om etterløn, seier han.
Egil Olsen meiner han fortsatt har krav på fire månader etterløn, omlag ein million kroner, frå det irakiske fotballforbundet.