Hopp til innhold

Drillo ville at stjernene skulle lyge om fylleskandalen

Tidlegare landslagssjef Egil Olsen valde å spele naiv då Henning Berg og Erik Mykland tviheldt på løgna om at dei ikkje hadde drukke alkohol under fotball-VM i 1998, ifølgje ei ny bok.

Drillo

PRESSE-KOK: Egil Olsen omringa av journalistar under fotball-VM der han måtte svare på spørsmål om Henning Berg og Erik Myklands bytur i Frankrike i 1998.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Henning Berg og Erik «Myggen» Myklands tur på pub og nattklubb under fotball-VM i 1998 skapte oppstandelse under meisterskapen i Frankrike.

I den nye biografien om Egil Olsen, ført i pennen av forfattar Alfred Fidjestøl, er episoden nok ein gang grundig omtalt. Og det kjem fram nye opplysningar rundt ein av dei mest omtalte byturane i norsk idrettshistorie.

Kalla inn på teppet

Henning Berg

PÅ BYTUR: Henning Berg under fotball-VM i Frankrike i 1998.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Henning Berg følte han trengte ein pause frå spelarleiren og spurte Erik Mykland om han ville bli med på bar for å sjå VM-kampen mellom Frankrike og Sør-Afrika. Då sjåfør Mini Jakobsen hadde reist heim åleine til leiren ved midnatt, gjekk turen vidare til ein nattklubb. Og utpå natta hadde dei to landslagsstjernene mellom sju-åtte halvlitrar med øl innanbords, ifølgje boka.

Til slutt klarte dei to å skaffe seg transport tilbake til spelarleiren.

Dagbladet var først ute med den pikante saka den gangen, og deretter heiv resten av medie-Noreg seg på nyheitskøyret.

Under eit første møte med Drillo hadde Myggen og Berg nekta for at dei hadde drukke alkohol. Men då nye avsløringar kom i papiravisene, og saka vaks i media i Noreg, kalla landslagssjefen dei to spelarane inn til eit nytt møte.

Tviheldt på løgna

I boka kjem det fram at Drillo ville at begge skulle lyge om alkoholinntaket då dei blei kalla inn på teppet for andre gang.

Og både Berg og Myggen tviheldt på løgna si. Då Egil Olsen spurte om dei hadde drukke alkohol svarte dei nei. Og då Drillo gjentok det same spørsmålet svarte begge nei nok ein gang, ifølgje biografien.

«Berg fikk en slags merkelig følelse av at Egil ville de skulle lyve. Berg følte rett. Egil forsto, men valgte å spille naiv. Om de tilsto nå, var han nødt til å sende dem hjem. Også resten av spillergruppa innså at Egil visste, men spilte med for ikke å virvle opp mer grums før Skottland-kampen. Det var kortspilleren Egil som var i arbeid. Det gjaldt å holde inne personlig skuffelse og spille med de kortene han hadde på hånda. Dermed var saken formelt avsluttet internt», skriv forfatteren.

HISTORISKEBILDER

DAGEN DERPÅ: Henning Berg valde ikkje å gje nokon kommentar om byturen i møte med journalistene i 1998.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Rekdal var rasande

22 år seinare vedgår Egil Olsen at han visste at spelarane hadde konsumert alkohol.

– Både eg og andre som var involvert i dette var klar over at dei hadde drukke øl, og det var eg ikkje i tvil om heller. Men der er eg litt for snill og litt for slapp. Eg var ikkje interessert i å sende dei heim, og eg tykte ikkje at det var så ille som mange ville ha det til, seier Egil Olsen til NRK.

– Det største problemet med episoden var at den splitta spelargruppa. Det var spelarar som meinte at dei burde sendast heim, men eg var ikkje der, seier Drillo.

Myggen

PÅ BYTUR: Erik Mykland under fotball-VM i Frankrike i 1998.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Ein av dei spelarane var Kjetil Rekdal. I boka kjem det fram at midtbanespelaren var rasande på Berg og Myggen, og ville helst ha sendt begge heim med første fly. Rekdal var så fokusert og innstilt på å prestere i meisterskapen at det kokte i han.

– Å stikke på pub og sutre over brakkesykje og kjedsomheit når ein hadde kvalifisert seg for eit verdsmeisterskap i fotball, var berre uprofesjonelt i verda til Rekdal, skriv Alfred Fidjestøl.

– Det var ei vanskeleg sak å handtere. Eg prøvde å takle den på pressekonferansen dagen etter, men det var ikkje heilt vellukka, seier Olsen, som erindrar at han prøvde seg på ein humoristisk variant.

– Eg sa at «de er jo her for å levere fleire sider stoff kvar dag, og her skjer det jo ingenting, så for å hjelpe til litt så sendte eg to spelarar på byen». Eg hadde venta at folk skulle le litt, men det var ingen som lo, seier Egil Olsen til NRK.

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. To lagkamerater gjorde at den totale poengsummen ble 180 poeng.

    Under den siste etappen av Tour de Guanxi ble spurteren Stanisław Aniołkowski nummer to. Det betyr 25 nye poeng til det franske laget. I tillegg fikk Sylvain Moniquet 20 poeng for 19.-plassen sammenlagt og Emmanuel Buchmann 2 poeng for sin 52.-plass.

    Avstanden er dermed nede i 174 poeng i favør Uno-X.

    Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. Svaret får vi etter klokka 17 i dag.

    På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto, vil 19.-plassen på årets ranking holde til World Tour-lisens for de kommende tre årene.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal