Men elles har han tatt ut dei beste tilgjengelege spelarane frå norsk serie og frå utlandet.
Nett-TV:
UEFA-cupen
RBK og Brann er på La Manga for å førebu seg til kampane i UEFA-cupen, og U21-landslaget har samling samstundes.
Men keeperane Håkon Opdal (Brann) og Rune Almenning Jarstein (Rosenborg) er med likevel. Dei skal få internasjonal matching ved å spele ein omgang kvar.
- Vi skulle gjerne sett nokre frå U21-laget i troppen. Men Øystein (Gåre, landslagssjef for U21) treng ro til å få sett sine i aksjon også, seier Hareide til NRK.
Troppen
Rune Almenning Jarstein (Rosenborg), Håkon Opdal (Brann), Martin Andresen (Vålerenga), John Anders Bjørkøy (Fredrikstad), Daniel Braaten (Bolton), John Carew (Aston Villa), Christian Grindheim (Heerenveen), Erik Hagen (Zenit St. Petersburg), Brede Hangeland (Fulham),
Kristofer Hæstad (Vålerenga), Jon Inge Høiland (Stabæk), Pa-Madou Kah (Roda), Frode Kippe (Lillestrøm), Erik Nevland (Fulham), Morten Gamst Pedersen (Blackburn), John Arne Riise (Liverpool), Jarl-Andre Storbæk (Vålerenga), Fredrik Strømstad (Start).
Bortekampen mot Wales skal spelast 6. februar.