Hopp til innhold

Norsk fagforbund skal gi FIFA raudt kort

Fellesforbundet skulle granske arbeidstilhøva i Qatar på vegne av internasjonale fagforbund. Men i helga vart invitasjonen kansellert.

Stadion i Qatar

Her skal det spelast fotball-VM i 2022. Men det blir sett svært store spørsmålsteikn ved arbeidstilhøve for dei som byggjer anlegga

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

– Vi har fått eit viktig oppdrag frå dei internasjonale organisasjonane Bygningsinternasjonalen og IndustriAll, og det skal vi prøve å gjennomføre, seier internasjonal sekretær Atle Høie.

Han er på plass i Qatar.

Det norske Fellesforbundet har fått i oppdrag å granske byggjearbeida i Qatar der det er avslørt at mange av dei som arbeider med anlegga til fotball-VM 2022, jobbar under tilhøve som nærmar seg slavekontraktar.

Invitasjonen kansellert

Men han veit ikkje kor mykje utsendingane får gjere. For programmet blir ikkje slik det var tenkt inntil for kort tid sidan.

– Meininga var at vi skulle hatt møte med både arbeidsministeren og leiaren i arrangementskomiteen for fotball-VM. Vi skulle også hatt møte med menneskerettskomiteen i Qatar, seier Høie til NRK.

– Men det har blitt mykje negativ merksemd omkring tilhøva for immigrantarbeidarane dei siste vekene. I førre veke var det eit stort arrangement framfor FIFAs hovudkontor, og der var Bygningsinternasjonalen sentralt. Sist laurdag morgon fekk vi derfor vite at vår invitasjon frå styresmaktene i Qatar var kansellert, seier Høie, som no ikkje heilt veit kva besøket kjem til å gje.

"Raudt kort til FIFA"

Rødt kort

– FIFA bør ta eit mykje større totalansvar for arbeidstilhøva i land som får arrangere meisterskap, meiner Bygningsinternasjonalen (det internasjonale byggearbeiderforbundet)

Foto: Fellesforbundet

Fellesforbundet sin tur er under bodskapen "Red Card for FIFA". Det er fordi forbundet meiner FIFA i langt større grad bør ta ansvaret for dei uverdige arbeidstilhøva.

– Dei må ta større ansvar for vilkåra i dei landa dei arrangerer meisterskap i. FIFA kjem til å tene mange milliardar dollar på dette arrangementet, men vaskar hendene sine ved å seie at det er nasjonale styresmakter og nasjonal lovgjeving som avgjer kva vilkår anlegga som skal skaffe FIFA alle dei pengane, er laga under.

– FIFA må ta heilskaps-ansvar

– Vi meiner FIFA må ta eit mykje større ansvar i land der meisterskap blir arrangert. Ikkje berre på det direkte byggearbeidet, men også overfor sponsorar, klede som blir produsert, fotballar – at ikkje dette blir produsert av for eksempel barneareidarar. FIFA må ta eit ansvar for heile breidda, og eit større samfunnsansvar der dei går inn.

Det var den engelske avisa The Guardian som nyleg avslørte arbeidsforholda . Der går det fram at minst 44 bygningsarbeidarar er omkomne på jobben dei siste to månadene.

99 prosent av alle arbeidarane i Qatar er immigrantar, dei fleste frå India og Nepal. Kontraktane dei har, minner om tvangsarbeid og slaveri, meiner Fellesforbundet, og nemner mange døme:

  • Det eksisterer ikkje frie fagforeiningar i Qatar, sjølv om lovene tillet det.
  • Arbeidarane blir administrert under eit såkalla sponsorship-system som gjev arbeidsgjevaren all makt over dei så lenge dei er i landet.
  • Arbeidsgjevarane tek beslag i passet til immigrant-arbeidarane, slik at dei ikkje kan reise ut av landet utan å få lov av arbeidsgjevaren.
  • Ofte kan dei heller ikkje skifte arbeidsgjevar. Derfor kan ein seie at mange er offer for tvangsarbeid.
  • I tillegg opplever mange av arbeidarane uverdige arbeidstilhøve og lønningar. Dei arbeider i ekstrem varme og med farlege materiale, og risikerer livet med arbeid i høgda.

Det er dette utsendingane frå Fellesforbundet skal sjå nærmare på. Dei skal mellom anna besøke arbeidsplassar og delta i minemarkeringar for dei arbeidarane som har mista livet.

– Kjende de til dette før avsløringane i The Guardian?

– Vi kjende ikkje til talet på dødsulukker. Men arbeidstilhøva for migrantarbeidarane har vi kjent til lenge, seier Høie, og legg til at denne turen er planlagd ei god stund.

Planlagt sidan mars

– Planlegginga tok til i mars, og vi skulle eigentleg ha reist nedover i juni. Men det gjekk ikkje. I staden kom vi fram til desse dagane her, seier han.

Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det skjer på dagen i dag. 7. oktober er nemleg verdsdagen for anstendig arbeid.

Varmen er sterk i den arabiske ørkenstaten, og kan ofte kome opp i 50 grader om sommaren. Det er årsaka til at det er teke til orde for at VM i 2022 skal flyttast til ei anna årstid . Om sommaren er det helsefarleg.

– Det er ikkje akseptabelt verken for styresmaktene i Qatar eller for FIFA at eit slikt arrangement til dei grader går på kostnad av livet til kollegaene våre, seier Fellesforbundet.

Har hatt liknande oppgåver før

Bakgrunnen for at akkurat det norske forbundet har fått dette oppdraget, er at dei fleire gonger tidlegare har hatt liknande jobbar med store internasjonale arrangement.

– Vi har tidlegare vore med på å sjå til at arbeidstilhøva både ved OL og fotball-EM held internasjonal standard, seier Atle Høie.

– Kvifor får akkurat Fellsforbundet i Norge eit slikt internasjonalt oppdrag?

– For det første er vi eit aktivt medlem av våre internasjonale organisasjonar. Vi er det største forbundet innanfor både byggsektoren, metallsektoren og tekstilsektoren, og det er dei tre viktigaste bransjane som er involvert i oppbygginga fram mot eit fotball-VM.

– Vi har eit aktivt internasjonalt arbeid, derfor er det naturleg at vi blir spurt om å vere med, seier Atle Høie.

Fotball