- Vi har Espen Hoff, sang Stabæk-fansen etter sigeren på bortebane mot Odd Grenland.
Stabækspelaren var ønska til Odd Grenland framfor dennes sesongen. I serieopninga blei han matchvinnaren med 3-2 skåringa mot slutten av kampen.
Les også:
Espen Hoff blei møtt med pipekonsert av Oddsupporterane då han blei bytta inn i 2. omgang, og måtte tåle buing på stadion kvar gong ha fekk ballen.
- Det er alltid spesielt å komme hit, uansett om eg skårar eller ikkje. Og det blir ekstra spesielt når det er mot Odd, seier Hoff som har spelt for Odd Grenland før han gjekk til Lyn.
Sleit med speletid
- For min eigen del er det godt å få ei skåring og ein siger, så klart, seier Hoff som sleit med å få speletid på Stabæk i fjorårssesongen.
- Eg håpa å kunne gjere det beste ut av det då eg fekk kome innpå, og det synest eg at eg gjorde til dels i dag.
Det er første gongen sidan 1999 at Stabæk vinn i serieopninga. Og Espen Hoff håpar Stabæk blir meir innstilt på å krige i starten på sesongen i år.
- Det er sterkt av oss å slå Odd Grenland i Skien. Odd Grenland er sterke, og det er ikkje mange lag som kjem til å ta poeng i Skien i år.
Nå håpar Espen Hoff på ein sjanse til å spele seg inn i start-elleveren til Stabæk.