Den britiske avisa The Times trykker i dag utdrag frå sjølvbiografien til Ashley Cole, det kan skape trøbbel for den engelske landslagsbacken i sin nye klubb. Cole rettar i boka skarp kritikk mot Chelsea-manager José Mourinho og direktør Peter Kenyon.
Søppel
Bakgrunnen er møtet Cole hadde med Chelsea-duoen medan venstrebacken fortsatt var Arsenal-spelar. Han skriv at forklaringa Kenyon/ Mourinho leverte i FA-høyringa for 16 månedar sidan var reinspikka søppel.
Ashley Cole og Jose Mourinho (foto: AP/Scanpix)
- José Mourinho fortalte at agenten min og eg var ulukkelege, at eg hadde eit dårleg forhold til Arsenal-manager Arsene Wenger og at dei franske spelarane hadde makta i Arsenal- garderoben.
Cole står fast ved at treffet med Chelsea-duoen i januar var tilfeldig, sjølvom han no har hamna på Stamford Bridge. Spelaren fekk ei kraftig bot og Chelsea fekk truslar om poengtrekk dersom klubben gjorde noko liknande igjen.
Cole i Chelsea-drakt mot Charlton (foto:AP/ Scanpix)
Dårleg forhold til Arsenal
Cole følte seg som ein syndebukk og følte seg dolka i ryggen av Arsenal. I helga skreiv The Times at Cole måtte forlate Arsenal fordi han ikkje fekk respekt i klubben.
Chelsea kjøpte landslagsbacken kun timar før overgangsvindauget stengte 31. august. Arsenal fekk den franske landslagsspelaren William Gallas og 60 millionar kroner for Ashley Cole.