Etter åtte strake heimesigrar kom dermed Bergens-laget ned på jorda igjen med eit brak. Rosenborg slo på si side sterkt tilbake etter meisterliga-exiten mot St. Johnstone for tre dagar sidan.
Nicki Bille Nielsen scora allereie etter seks minutt då han var på rett plass etter ein retur frå keeper.
Stort meir skjedde ikkje før pause. Men Mike Jensen utnytta ei misforståing og Alexander Søderlund pirka ballen over streken tidleg i andre omgang.
Dermed 3–0 til Rosenborg, og kampen var avgjort. Lufta gjekk ut av Brann då. At John Chibuike la på eitt til på overtid, og at Amin Aska reduserte endå meir på overtidhadde ingen praktisk betydneing.
Rosenborg tok tilbake tabelltoppen som Strømsgodset hadde fått låne eit par timar, og Brann-publikummet – som det var 12.678 av i kveld – måtte for første gang sjå at heimelaget ikkje vann på Brann stadion i serien i år.