Hopp til innhold

Baksida av VM-suksessen: Vald, korrupsjon og dårleg omdøme

Nigeria har igjen imponert i VM-samanheng, men i heimlandet slit fotballen. Ligaen blir prega av korrupsjon, dårleg omdømme og ein tabell som ikkje heng på greip.

Nigeria
Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

– Vald frå supporterar er vanlege trugslar mot dommarar. Dei trugar dei både verbalt og fysisk. Politiet gjer ikkje mykje for å hindre det.

Slik skildrar den profilerte nigerianske journalisten Colin Udoh situasjonen i den nigerianske fotballigaen. La oss skru klokka tilbake til eit eksempel.

Ahmed Musa har vore blant Nigerias beste spelarar så langt i VM, og mange har fått opp auga for den 21 år gamle måljegeren som no spelar i CSKA Moskva.

Musa

Ahmed Musa opplever nå suksess i VM i Brasil.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

I 2010 spela han derimot for Kano Pillars i heimlandet. Dei hadde heimekamp mot Dolphins FC. Bortelaget leia 1–0 då det stod att nokre få minutt av kampen.

Rundt bana sto 25.000 illsinte fans, som truga dommaren med alle slags smertefulle hendingar dersom stillinga kom til å vere den same ved kampslutt.

Måtte kle seg ut som førstehjelpspersonell

Kampen hadde starta klokka fire. No tikka klokka mot 19.00, mørkret var på veg og dommaren hadde framleis ikkje avslutta kampen. Fjerdedommaren hadde vorte hindra i å vise fram skiltet som viste fire tilleggsminutt – og dermed måtte dommaren berre la kampen fortsette.

Den offisielle kamputsendinga frå fotballforbundet sende si bøn til dommaren om at han måtte blåse straffe til heimelaget Pillars.

– Han nekta først å gjere det, men ting vart verre og verre på tribunen. Spelarane våre bad han om å blåse straffe mot oss, sa kapteinen på bortelaget Dolphins, Emmah Goodwin.

Til slutt gav dommaren etter og blåste straffespark til heimelaget Pillars. Goodwin gjekk bort til dommaren for å seie at han forstod kvifor han gjorde det.

VM-stjerneskotet Ahmed Musa var den som sette straffa, og dermed fastsette resultatet til 1–1. Omsider kunne dommaren avslutte kampen.

Men heimefansen var framleis ikkje nøgd, og storma bana. Sunday Mba, som noko overraskande vart vraka til årets VM, vart slått bevisstlaus. Bortelaget måtte smuglast ut av bana iført heimelagets trøyer, medan dommaren vart køyrt ut i ein ambulanse utkledd som førstehjelpspersonell.

Det høyrest kanskje ut som fiksjon eller ein ekstrem supporterfraksjon i ein liga, men det er det ikkje. Det er berre kvardagen når ein spelar i nigeriansk Premier League.

Nigeria

Nigerias landslag. Alle stammar frå den same ligaen.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

– Har sett ein del horribelt

Seks av spelarane i Nigerias VM-tropp spelar til dagleg i den heimlege ligaen. Den har fostra mang ein internasjonal toppspelar, og vore grobotn for Nigerias landslag som gjentatte gangar har vist seg som eit av Afrikas sterkaste kort i VM-samanheng.

Gode prestasjonar, og kanskje spesielt med tanke på kor lite som eigentleg heng på greip på innsida av fotballen i landet.

Den nigerianske ligaen er kjend for sin enorme overvekt av heimesigrar , noko som skapte overskrifter verda over i fjor.

Ifølgje agent Stig Torbjørnsen, som kjenner afrikansk fotball godt, blir det ofte lagt hindringar i vegen for bortelaget.

– Det er alt frå maten dei får, at dei sørgjer for bråk der laget søv natta før, dårlege hotell, kanskje får dei ikkje ballar til oppvarminga, kanskje får dei ikkje varme opp på bana, plutseleg er vatnet deira borte ... Eg har sett ein del horribelt, fortel han.

Ved to tilfelle i førre sesong vart bortelaga rana på veg til kampen.

Dommarane er sentrale i dette problemet, ifølgje ein artikkel i The Guardian. Ikkje så mykje på grunn av korrupsjon, som på grunn at trusselen om å bli banka opp under eller etter kampen, som eksempelet med Musa viser.

– Lagledere kastet vassflasker på kvarandre

Arne Erlandsen

Arne Erlandsen har opplevd nigeriansk fotball på nært hald.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Også Arne Erlandsen kjenner att utfordringane. Han var nær ved å bli trenar for ein nigeriansk klubb for nokre år sida.

– Eg har vore på kampar, og det du seier stemmer. Det var veldig lite mål, og som regel vinn heimelaget 1–0. Det er ekstremt sjeldan at bortelaget vinn, seier Erlandsen og trekker spesielt fram det at dommarane er under eit ofseleg press.

– Dommarane er under press både frå spelarar, leiarar og publikum – spesielt publikum. Publikum storma banene. Lagsleiarane kasta vassflasker på kvarandre. Det er spesielle forhold. Spelarane vert ofte geileida rett ut i bussen etter kamp. Det er for å komme seg unna så fort som mogeleg, skildrar Erlandsen.

Dommarane truga i fjor med boikott dersom dei ikkje fekk livvakter. Det førte til at fleire kampar vart annullerte og måtte spelast om att, og Enugu Rangers måtte spele seks kampar for tomme tribunar.

Systemet med honorering av dommarane i ligaen gjer det neppe stort betre. Dei får ikkje betaling frå forbundet, det er heimelaga som skal stå for betalinga. Fleire av dommarane har klaga over at storleiken på betalinga blir gjort «resultatavhengig».

Over 70 % heimesigrar

Resultatet av desse problema er at langt over 70 prosent av kampane endar med heimesiger.

– Det er ingen løyndom at Nigeria er eitt av dei mest korrupte landa i Afrika, sa Torbjørnsen til NRK i fjor.

Då lova Nigeria å sette ned ein kommisjon for å finne ut om det verkeleg vart lagt hindringar i vegen for bortelaga, og som skulle ta seg av skuldingar om vald, truslar og korrupsjon.

Men tabellen for sist sesong liknar mykje på dei føregåande. Berre eitt av laga har tapt meir enn to av 8–10 heimekampar, 12 av 20 er utan heimetap. Borte har berre eitt lag vunne så mange som 2 av 10 kamoar, og 12 har ikkje vunne ein einaste.

I VM for fire år sidan enda Nigeria sist i gruppa. Deretter suspenderte Nigerias president Goodluck Jonathan landslaget og nekta dei landskampar i to år.

FIFA likte ikkje den politiske innblandinga og trua med å stenge landet ute for all fotball på ubestemt tid. Presidenten oppheva derfor si utestenging av landslaget. FIFA oppretteldt likevel sin straff i tre månader, før dei igjen slapp Nigeria inn i varmen igjen.

I kveld skal dei i aksjon igjen. I varmen i Brasil.

Seks av spelarane i Nigerias tropp spelar til dagleg i den heimlege ligaen, og resten har på eitt eller anna tidspunkt spelt der. Under Confederations Cup i fjor var åtte av Nigerias 23 frå heimleg liga.

Samtidig er Nigerias landslag stadig blant dei beste frå Afrika. Dei har deltatt i fem VM sidan 1994, og har kome til åttedelsfinalen i tre av dei. Dei har også vunne Afrika-meisterskapet tre gonger, seinast i fjor.

Klubblaga har derimot ikkje gjort det like bra. Enyimba er den einaste klubben som har vunne African Cup of Champions – Afrikas motsvar til meisterligaen. Det gjorde dei i 2003 og 2004. Fen gonger har eit nigeriansk lag tapt finalen.

Men sidan 2004 har ikkje noko nigeriansk lag spelt seg fram til finale. I fjor kom ingen av de to laga Nigeria hadde med, forbi andre runde. Året før spela Sunshine Stars seg fram til semifinalen.

Fotball

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland