NRK Meny
Normal

Avis: Åge Hareide sluttar i Malmö

Den svenske avisa Sydsvenskan skriv i dag at det no er klart at Åge Hareide sluttar i Malmö og blir dansk landslagssjef. Hareide sjølv avviser at noko er avklart.

Åge Hareide

FLYTTER OVER ØRESUND: Avisa Sydsvenskan meiner å vite at det er klart at Åge Hareide skal slutte i Malmö for å bli landslagssjef i Danmark

Foto: Andreas Hillergren, Hillergren, Andreas / NTB scanpix

Ingen vil offisielt stadfeste dette enno. Men Sydsvenskan skriv at dette er kommunisert internt i klubben.

Hareides siste jobb i Malmö blir dermed å leie klubben i meisterligakampen mot Real Madrid på Santiago Bernabeu stadion 8. desember – ein kamp som avgjer om Malmö skal spele i europaligaen etter nyttår eller ikkje.

Allereie før kampen mot Paris Saint-Gemain i går var det klart at det ville bli Hareides siste konkurransekamp på Malmös heimebane, skriv avisa.

Hareide: – Veit ingenting om framtida

Hareide sjølv vil ikkje seie noko om kva som skjer med han etter sesongen.

– Eg kan ikkje kommentere påstandar som det. Eg anar ikkje kvar Sydsvenskan har dette frå, seier Hareide til NRK.

Han seier han ikkje veit noko om framtida enno.

– No skal vi gjere oss ferdig med sesongen, så får vi sjå kva som skjer. Meir enn det veit eg ikkje no.

– Eg blir her iallfall under treningskampen mot Molde i neste veke, og veit faktisk ikkje kva som hender sidan, seier Hareide.

– Dansk landslagssjef frå nyttår

Sydsvenskan erfarer også at Malmö allereie er komen langt i arbeidet med å finne Hareides etterfølgjar. Men heller ikkje klubben vi stadfeste noko.

– Åge er vår trenar, og han har ikkje sagt opp, skriv Malmös styreleiar Håkan Jeppsson i ein sms til avisa.

Som også slår fast at Hareide overtek som landslagssjef for Danmark frå årsskiftet. Dette skal Hareide sjølv og det danske fotballforbundet vere samde om.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.