NRK Meny
Normal

Sjekk kven ditt lokale lag skal møte

Dei 12 avdelingane i fotballens 3. divisjon for 2014 vart offentleggjorde i dag. Her kan du sjå kven dine lokale heltar skal møte.

tynset rosenborg

Her kjempar Tynset mot Rosenborg i årets NM. Neste år kan det bli like interessant for laget frå Nord-Østerdal, ettersom det blir klassisk lokaloppgjer mot Alvdal for første gong i 'nye' 3. divisjon

Foto: Skaug, Thomas Rasmus / NTB scanpix

Dei to avdelingane i Nord-Noreg følgjer kretsgrensene og gir seg sjølve. Men dei 10 i Sør-Noreg har flytande grenser, og det er ein del endringar sidan i fjor.

Dei største endringane er på Vestlandet og i Trøndelag. Avdeling 10 har fire lag frå Austlandet og ti frå Trøndelag, avdeling 9 omfattar lag frå Trøndelag, Nordmøre og Romsdal pluss eitt frå Sunnmøre.

Avdeling 8 strekker seg frå Bergen til Sunnmøre, avdeling 7 har lag frå Hordaland og Haugesund. Avdeling 6 er rein Rogalands-avdeling, og avdeling 5 strekkjer seg frå Vest-Agder til Vestfold.

NFF har sett opp avdelingane slik:

Avdeling 1:
Østsiden, Nesodden, Sprint-Jeløy, Sarpsborg 2.-lag, Fredrikstad 2.-lag, Sparta Sarpsborg, Kråkerøy, Oppsal, Grorud 2.-lag, Rustad, Follo 2.-lag, Trosvik, Selbak, Kolbotn.

Avdeling 2:
Frigg, Ull/Kisa 2.-lag, Lørenskog 2.-lag, Strømmen 2.-lag, Hauerseter, Oslo City, Korsvoll, Lyn 2.-lag, Ullern, Hasle/Løren, Romsås, Kjelsås 2.-lag, Røa, Oldenborg.

Avdeling 3:
Flisa, Sander, Lillehammer, Ottestad, HamKam 2.-lag, Storhamar, Gjøvik-Lyn 2.-lag, Raufoss 2.-lag, Fu/Vo, Lillestrøm 2.-lag, Gran, Grue, Rælingen, Moelven.

Avdeling 4:
Skarphedin, Lommedalen, Odd 3.-lag, Drammen, Hønefoss 2.-lag, Jevnaker, Mjøndalen 2.-lag, Modum, Bærum 2.-lag, Asker 2.-lag, Åssiden, Vestfossen, Kjapp, Lokomotiv Oslo.

Avdeling 5:
Tønsberg, Donn, Start 2.-lag, Vigør, Mandalskameratene, Lyngdal, Larvik Turn, Runar, Pors 2.-lag, Tollnes, Urædd, Sandefjord 2.-lag, Re, Randesund.

Avdeling 6:
Viking 2.-lag, Bryne 2.-lag, Staal Jørpeland, Frøyland, Klepp, Sandnes Ulf 2.-lag, Vardeneset, Åkra, Hundvåg, Randaberg, Kopervik, Vaulen, Sola, Austrått.

Avdeling 7:
Varegg, Lyngbø, Bjarg, Vadmyra, Sotra, Fyllingsdalen 2.-lag, Haugesund 2.-lag, Os, Øystese, Lysekloster, Vard 2.-lag, Odda, Smørås, Frøya.

Avdeling 8:
Arna-Bjørnar, Skarbøvik, Aalesund 2.-lag, Bergsøy, Larsnes/Gursken, Spjelkavik, Hødd 2.-lag, Tornado Måløy, Tertnes, Årdal, Sogndal 2.-lag, Stryn, Eid, Norborg.

Avdeling 9:
Strindheim, Buvik, Orkla, Sverresborg, Sunndal, Elnesvågen/Omegn, Brattvåg, Kristiansund 2.-lag, KIL/Hemne, Kolstad, Averøykameratene, Træff 2.-lag, Nardo 2.-lag, Heimdal.

Avdeling 10:
Skedsmo, Ranheim 2.-lag, Fjellhamar, Stjørdals-Blink, Verdal, Steinkjer, Gjerdrum, Alvdal, NTNUI, Byåsen 2.-lag, Tynset, Åfjord, Rørvik, Fet.

Avdeling 11:
Mjølner, Lofoten, Sortland, Bodø/Glimt 2.-lag, Junkeren, Tverlandet, Innstranden, Sandnessjøen, Mosjøen, Stålkameratene, Hardhaus, Grand Bodø.

Avdeling 12:
Tromsø 2.-lag, Senja, Bossekop, Kirkenes, Bjørnevatn, Porsanger, Hammerfest, Ishavsbyen, Skarp, Fløya, Sørøy Glimt, Skjervøy.

Er du nøgd med avdelingsoppsettet for ditt lokale lag?

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.