Hopp til innhold

Førde og Florø i samme avdeling neste år

Oppsettet for avdelingane til neste års andredivisjon er klare og Florø og Førde hamna i same avdeling.

Førde Florø Fotball

RIVALAR: Førde og Florø er klare til 2014 sesongen i 2. divisjon. I same avdeling.

Foto: Glenn Thomas Nilsen/Truls Kleiven / NRK

– Det ser vi verkeleg fram til, og var akkurat det vi hadde håpa, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Det vil seie at publikum vil ved fleire høve kunne sjå rivalane spele mot kvarandre neste år.

– Ja, det er jo tradisjon kvar 16. mai, men no vert det enda fleire kampar, seier Rognsø som fortel at det alltid er like kjekt å vere i Førde og spele fotball der.

Terje Rognsø

FORNØGD: Florø-trenar Terje Rognsø er fornøgd med oppsettet.

Foto: Alf Vidar Snæland

I avdelinga i lag med Førde og Florø finn vi desse laga:

AVDELING 3:

  • Vard Haugesund (ned frå 1.div.)
  • Lyn
  • Grorud
  • Egersund
  • Førde
  • Fyllingsdalen
  • Ålgård
  • Vidar
  • Åsane
  • Fana
  • Brann 2
  • Stabæk 2 (opp frå 3.div.)
  • Stord (opp frå 3.div.)
  • Florø (opp frå 3.div.)

Her er heile oppsettet for 2. divisjon.

Langt til Rogaland

– Første inntrykket då eg såg lista var at eg vart litt overraska. Vi hadde jo håpa å unngå Rogaland. Det er ei litt lang reise, seier Rognsø.

Samtidig meiner han dei må sjå det heile i eit større perspektiv og tenkje at det berre er snakk om fire turar.

– Men det er vel det vi kan karakterisere som ei mjølkerute. Det tek lenger tid å reise til Rogaland enn til Austlandet, seier han.

Med tre austlandslag og resten frå sørover på Vestlandet vert det ein del reiser for fotballaga.

– Økonomisk er det alltid utfordrande. Vi må nok reise dagen før for å komme fram og samstundes vere utkvilte, og flyturar kostar sjølvsagt også mykje, men skal ein vere med så kostar det, seier Rognsø.

Sportsleg utfordrande

Rognsø karakteriserer puljen som sportsleg god og ser fram til utfordringar.

– Her er det mange lag som satsar hardt. Så sjølv om vi får nokre lange turar på oss, er vi svært fornøgd med laga vi skal møte. Det skal bli sportsleg utfordrande, seier Rognsø.

Så sjølv om det vert nokre lange reiser, seier han det alt i alt er kjekt med andre typar lag og at dei gler seg veldig til april då sesongen startar.

– Vi har jobba mykje med å førebu oss. Ein ny divisjon har gitt oss mykje motivasjon, seier Rognsø.