I staden planlegg supporterar frå dei to rivaliserande klubbane i fellesskap ei markering for å ta avstand frå valden som enda med at
søndag.Det var i ein kamp mellom nettopp desse to klubbane det førre dødsfallet i svensk fotball skjedde. Ein 26 år gammal supporter vart drepen i samanstøytar i tilknyting til ein kamp i Stockholm i 2002.
Tilfellet vil at laga møtest igjen dagen etter tragedien i Helsingborg. Kampen går på Friends Arena. Supporterane vil vise at dei står saman som vener i denne samanhengen.
Les også:
– Vi tek vekk desse trøyene og pinsane frå butikken vår. Det er ikkje rett å selje slike supportereffektar no. I dag er det ingen dag for hat, seier Black Army-leiar Victor Capel til Gøteborgs-Posten.
Trøyene har teksten "Vår plikt i livet – hata hata hata Gøteborg".
– Men kvifor sel de trøyer med slik tekst?
– Det er i ein fotballsamanheng. Ordet hat og ein hatsk rivalisering finst under kampen. men det stansar der. 99,9 prosent av dei som går på fotballkamp ser skilnaden mellom det ein søkk på tribunane og det verkelege livet utanfor. Men nokre menneske er dessverre ikkje i stand til det, ser det ut til, seier AIKs supporterleiar.
Kampane mellom lag frå Sveriges to største byar er ofte rekna som høgrisikokampar, og kampen i kveld er ikkje noko unntak.
Treng godkjenning frå klubbane
– Sjølvsagt hatar vi ikkje alle frå Gøteborg. Vi har mange gode vener i Änglarna (IFK Gøteborgs supporterklubb), og i kveld vil vi stå saman.
– Vi har snakka om ei markering, og det ser ut som om det kan bli noko. Men vi må få klarsignal frå klubbane først, seier Capel.
Også byderbyet mellom AIK og Djurgården er ein høgrisikokamp. Meir enn ein gong har publikumsbråket utarta i dette derbyet. Årets første møte dei imellom skal spelast 16. april.
– Vi ser ikkje bort frå ei liknande felles markering den dagen, seier Capel.