Ein etter ein kom spelarane inn på scena på det store Høddvoll-teltet på Youngstorget i Oslo.
– Vi er klare til kamp. Og vi skal gje Tromsø den sterkaste motstanden dei nokon gong har møtt, sa Hødd-kaptein Fredrik Klock.
Tårer trilla og sveitten rann på mange. Det var kjenslesterke augneblinkar for mange frå Ulstein denne laurdagskvelden. Fotballkulturen frå verftskommunen er viden kjend. Denne helga har han manifestert seg i form av ein stor folkefest, midt i Noregs hovudstad.
– Vi er klar, vi er fokuserte, vi er tente, vi har full kontroll, var den klare beskjeden frå spelarar, trenarar og folket i støtteapparatet som tok imot hyllesten på scena i Høddvoll-teltet.
På det blåkvite Youngstorget heldt festen det gåande inn i natta. Hødd har allereie markert seg som cupfinalelag. Kampstart er klokka 13.15. NRK's sportssøndag på NRK1 byrjar allereie klokka 9.13 med hopp, langrenn og kombinert.
Klokka 12.20 byrjar 4-4-2, Før cupfinalen mellom Hødd og Tromsø. Klokka 13.13 tek kommentatorane over og det er klart for kamp.