- Kampen viste at vi manglar den "Roy Keane-typen" som kan snu ein kamp som buttar imot. I går var det ingen av spelarane som viste at dei torer å vise musklar i motgang. Altfor mange spela med 80 prosents innsats, seier Flo.
Han meiner dagens kaptein Martin Andresen ikkje greier å fylle den rolla.
- Martin er ein god spelar, men han er litt for snill. Ole Gunnar Solskjær har meir av det som skal til. Torsdag spela han ein svak første omgang, men skjønte alvoret og leverte ein god andre omgang. Han har det som skal til for å ta tak i ein kamp der ikkje alt fungerer. Han bør vere kaptein for framtida, seier Flo.