Rangers-ønske at Zucca droppa VM

Landslagssjef Petter Thoresen skulle ønskt å ha Mats Zuccarello på VM-laget, men har likevel stor forståing for at Rangers-stjerna takkar nei.

Mats Zuccarello, Craig Anderson

FÅR PAUSE: Mats Zuccarello er ute av NHL-sluttspelet, men New York Rangers bad om at han måtte få sleppe VM etter ein sesong med over 100 kampar

Foto: Frank Franklin Ii / AP

Allereie i går var det klart at Zucca ikkje ville vere aktuell for Norge under VM, sjølv om New York Rangers skulle bli slått ut av NHL-sluttspelet. Jørgen Karterud blei henta inn i troppen i staden.

– Troppen er fin. Alle drøymer om ein spelar som Mats i laget, men vi må også respektere at han har gått gjennom ein lang periode med mange kampar. For at han skal vere god også i framtida, treng han meir kvile enn han er van med, seier landslagssjef Petter Thoresen til NRK.

Han har full forståing for Zuccarellos standpunkt, som han har fått signal om før. Og han meiner Norge har ein fin tropp, sjølv utan NHL-stjerna.

– Overraska over at Rangers rauk ut

Petter Thoresen

FORSTÅR ZUCCA: – Vi må respektere Zuccarellos og klubbens synspunkt, og troppen vår er fin uansett. Men sjølvsagt ville alle lag gjerne ha hatt Mats med, seier landslagssjef Petter Thoresen

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Og i natt blei det sluttspel-exit for Rangers.

– Det var litt overraskande. Eg trudde dei skulle ta den kampen. Eg har ikkje sett den. Men no er sesongen over for Mats og Rangers, seier Thoresen.

New York Rangers har også lagt vekt på Zuccas slitasje gjennom ein lang og hektisk sesong.

– Kva signal fekk de før kampen i natt?

– At Rangers veit at Mats har spela langt over 100 kampar denne sesongen, og nesten utan å stå over ein einaste. Han har vore med i OL-kvalifisering, World Cup og no NHL og sluttspel.

Sterkt ønskje frå klubben

– Vi har fått signal om at han treng eit år utan VM for å hente seg inn. Det var eit sterkt ønskje frå dei (Rangers), og det må vi respektere. Derfor tok vi avgjerda for Mats sin del om å ikkje hente han inn. Karterud har stått utanfor troppen. No er han inne, og då har vi alle mann alle, seier landslagssjefen.

Som understrekar at Mats Zuccarello har gjort så mykje som ein kan forlange for Norge tidlegare denne sesongen.

– Han bidrog sterkt til at vi kom til OL. Han har også bidratt til at Rangers har hatt ein bra sesong, sjølv om dei er slått ut i NHL.

– Så no får han kvile så han blir god også neste sesong, meiner landslagssjefen.

Siste nytt

  • Neymars straff redusert

    Den internasjonale idrettsdomstolen CAS har redusert Neymars utestenging frå tre til to meisterligakampar. Det betyr at superstjerna er klar for PSGs kamp mot Brugge 22. oktober.

    Neymar blei utestengd for sterke angrep mot dommarane på sosiale media etter PSGs kamp mot Manchester United i mars. PSG blei slått ut etter at United fekk straffe i kampens siste minutt.

    Neymar
    Foto: Lionel Bonaventure / AFP
  • Tour-vinnaren droppar VM

    Egan Bernal, vinnar av årets Tour de France,står over VM i engelske Harrogate i slutten av denne månaden, melder Colombias sykkelforbund.

    Det blir ikkje oppgitt nokon grunn for at han droppar VM.

    bernal
    Foto: Jeff Pachoud / AFP
  • Kippernes også ute av VM

    Silje Knutsen Kippernes tapte 4-1 for tyrkiske Zeynep Yetgil i første kamp i bryte-VM.

    Ettersom Yetgil tapte sin neste kamp, er Kippernes slått ut.

    Søndag og i går blei også Norges fire mannlege brytarar slått i dei første VM-rundane.

    Silje Kippernes
    Foto: Norges Bryteforbund

Sendeplan

Kl. Program Kanal