Laget var sterkt forseinka frå Köln, men då dei omsider kom heim, bar det rett til mottaking på Stockholms slott, der dei blei gratulerte av kronprinsesse Victoria og prins Daniel.
Deretter reiste dei til Sergels torg der dei let seg hylle av eit hav av frammøtte.
Statsminister Stefan Löfvenhadde også teke på seg Tre Kronor-trøye då han helsa spelarane.
– I går trur eg det svenske folket jubla så det kunne høyrast til Canada, sa Löfven, med adresse til laget Sverige slo i finalen søndag.
Kamphelten i finalen var Henrik Lundqvist.
– For ein gjeng det har vore å få kjempe med. Det er fantastisk å kjenne støtta heimanfrå, sa han til folket på torget.
VM-gullet i går var Sveriges tiande.