– Vi har ingen løyndommar. Det er derfor vi er så gode som vi er, seier Vetle Sjåstad Christiansen når NRK spør om kva som ligg bak den norske suksessen.
For denne sesongen har Noreg vore fullstendig dominante blant skiskyttarherrane. Ein nordmann har nemleg okkupert over 70 prosent av pallplassane i verdscupen fram til VM.
30 av 42 pallplassar har altså gått til ein nordmann.
– Det er så surrealistisk og det må nesten vere betre enn langrenn, som vi synest er heilt ellevilt, seier Sjåstad Christiansen.
– Det er heilt ekstremt – heilt ekstremt i den idretten her. Det vi har gjort i år har vore på eit heilt anna nivå lagmessig. Det er i snitt over to på pallen i kvart renn. Det er ville tal, følgjer Johannes Thingnes Bø opp.
Med andre ord er det berre 12 gonger det ikkje har vore ei norsk landslagsjakke på ein av dei tre platåa til pallen.
– Det er heilt vanvitig. Det er veldig gøy å vere med på det. Vi har aldri vore betre. Det trur eg utlendingane er veldig misunnelege på, seier Sturla Holm Lægreid til NRK.
– Vanskeleg mentalt
Og har sjølvsagt heilt rett.
– Alle andre må levere eit heilt perfekt renn for å komme på pallen, og det er vanskeleg mentalt når ein førebur seg til eit renn, seier tyske Roman Rees til NRK.
Han er ein av berre åtte utanlandske utøvarar som har vore på pallen i år. I Anterselva førre veke vart han nummer fire to gonger, bak to nordmenn og svenske Martin Ponsiluoma.
– Dei norske er utruleg bra. Om dei ikkje vinn, har dei gjort det utruleg dårleg. Dei er så utruleg bra. Heile laget er blant dei sterkaste i verda og dei er utruleg vanskeleg å slå, seier svensken.
EIN AV FÅ: Roman Rees tok ein tredjeplass i Kontiolahti tidlegare denne sesongen.
Foto: Vesa Moilanen / APPonsiluoma er den einaste som har slått alle nordmenn og teke steget heilt til topps på pallen denne sesongen. For tyske Rees kunne premieskapet vore langt fyldigare utan norske supermenn.
– Johannes (Thingnes Bø), Sturla (Holm Lægreid) og til og med Vetle (Sjåstad Christiansen) kan komme på pallen med bomskot. Alle andre som vil på pallen er allereie under press. Alt må stemme for å slå dei, fortel Rees.
Han meiner Noreg også har ein stor fordel på konkurrentane.
– Dei har alltid gode ski, og dei har ingen nedturar. Det er motstanden vi møter, seier han.
– Hardt arbeid
Men den unnskyldninga synest dei norske skiskyttarane er i tynnaste laget.
– Vi gjer godt gammaldags, hardt arbeid. Egil Kristiansen er jo guden av godt gammaldags, hardt arbeid. Det er ikkje noko hokuspokus, seier Christiansen.
SLÅR TILBAKE: Sjåstad Christiansen bruker Hulken-hanskane verbalt òg.
Foto: VINCENZO PINTO / AFPLægreid peikar også på arbeidet som det norske laget har lagt ned før sesongen.
– Vi har vorte betre etter OL og utlendingane har kanskje sleppt seg litt ned. Det er ikkje fordi vi har vorte noko heilt sjukt mykje betre, det er jo fordi vi har vorte litt betre på ski og på skytinga. Når vi normalt ville vorte topp ti, så blir vi no topp seks. Då blandar ein seg fort inn på pallen, seier andremann i verdscupsamandraget.
Christiansen meiner landslagstrenaren med det veldig like etternamnet skal ha mykje av æra for at dei norske går desidert raskast i sporet.
Egil Kristiansen var landslagstrenar for mellom anna Marit Bjørgen under stordomstida hennar, og har teke med seg treningsmetodane hennar til dei norske skiskyttarane.
– Det ho hadde suksess med, har vi suksess med. Det er ikkje noko kraftig bolklegging eller kvile, det er jamn trening heile vegen som gjer at alle får suksess. Det i kombinasjon med den skytejobben vi gjer med Siegfried blir gull, forklarer Christiansen.
Thingnes Bø har heile elleve verdscupsigrar denne sesongen, og meiner det er mykje som taler for dei gode norske resultata.
– Akkurat no har vi ei god grunnform på alle med gode langrennstider. Vi skyt også bra og er bra taktisk undervegs som gjer at vi ofte kjem sigrande ut av head-to-head situasjonar, avsluttar stryningen.
Skiskytter-VM starter med blandet stafett onsdag 8. februar. Mesterskapet ser du på TV 2 og NRK.